Lokal | 18. aug. 2020

Det drøyar med byggestart på parkeringshuset

Tilbydar har sendt klage til KOFA.

Det drøyar med byggestart på parkeringshuset
Grusplassen har fungert som parkeringsplass i sommar. Måndag blei den stengt for å fungera som uteområde til ungdomsskulen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 18. aug. 2020 12:50

Bjørnafjorden kommune skal bygga parkeringshus under grusbanen ved Os ungdomsskule, med kunstgrasbane på taket.

Målet var byggestart i juni, og det gjekk nesten. Anbodsfristen var 16. april, vinnar blei kåra i slutten av mai.

Det kom inn tilbod frå åtte aktørar.

Ein av dei som deltok i anbodsprosessen ba om innsyn i tilbodet kommunen valte som vinnar, ein ikkje uvanleg del av ein anbodsprosess.

– Det hadde vore ein fordel å få tatt anleggsarbeidet i sommarferien, mens elevane er vekke og trafikken er låg, men det rekk vi dessverre ikkje, sa prosjektleiar Frankie Taule Gindl til Midtsiden i starten på juli.

Neste håp var byggestart i august, men klagar har, etter å ha fått innsyn, sendt klage til KOFA (Klagenemnda for offentlige anskaffelser).

– Frist på saka er i slutten av september. Uavhengig av utfall vil det naturlegvis drøya med byggestart til minst oktober, og det kan òg drøya til november før ein av tilbydarane set spaden i grusen.

Byggestart på nabotomta denne veka

Samla, med leikeplass på Giskavollen og ombygging av veg og kryss ved barneskulen sin gymplass, er det sett av 72 millionar kroner til prosjektet.

Parkeringshus med bane skal landa på rundt 60 millionar.

Leikeplassen på Røde Kors-tomta er eit anbod for seg sjølv, og arbeidet på denne tomta startar no i august.

– Eg lurer på om ikkje dei byrjar allereie denne veka, seier Gindl.

Prosjektet skal stå ferdig i slutten av september.

Blir det parkering på grusplassen i haust?

I sommarferien har grusplassen vore open for parkering, for å avlasta sentrumskjerna.

Etter skulestart måndag blei grusplassen stengt.

– Eg er usikker på om den kan brukast til parkering mens vi ventar på byggestart. Det må i så fall skje i samråd med skulen, seier Agnete Haugland i Bjørnafjorden kommune.

Rektor ved Os ungdomsskule, Kjersti Wolden, seier grusbanen i dag er i bruk av elevar.

– Vi prøver å spreia elevane i friminutta, for å praktisera godt smittevern. Det eine trinnet bruker halvparten av det nye skuleområdet, dei to andre spreier seg på den andre halvdelen og på grusbanen. Og så rullerer vi, fortel rektor.

– Dette fungerer godt for oss, men eg er sjølvsagt open for dialog med kommunen, om dei meiner dei treng delar av denne til parkering.

– Samtidig har vi, med ferdigstilt Os Aktiv, fått nye parkeringsplassar både under tak og ute. Når våre tilsette har fått ny plass, blir det meir ledig på andre plassar for langtidsparkering, for eksempel ved Kløvertun.

Inntil vidare er grusplassen med andre ord stengt for parkering. Andre brukarar av plassen, Jadakameratene, skal ha fått treningstid på Kuventræ mens ny bane skal byggast både i sentrum og, til Jada, ved Borgafjell barneskule.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.