I slutten av førre måned sendte Hordaland Fylkeskommune si uttale til områdereguleringa for Os sentrum Vest, inkludert Fjellheim, den gamle brannstasjonen og Osbanetraseen, kor dei rår kommunen frå å riva Fjellheim ut frå eit kulturminneomsyn.
– Det nettopp det det er, eit råd frå fylkeskommunen og fylkeskonservatoren.
– Dei har ikkje fremja eit motsegn, som ville ha vore eit absolutt krav.
– Vi kjem no til å ta dette rådet med oss i den vidare handsaminga av områdereguleringa, fortel ordførar Terje Søviknes (Frp).
Ei lokal avgjer
I samtalar med fylkeskommunen har ordføraren fått klare signal på at dei meinar dette skal vera ei lokal avgjer.
– I møter med oss har det fortalt at dei meiner det er ei lokal avgjer og ikkje ei regional eller nasjonal.
– Dei vil ikkje nytta seg av motsegnsinstituttet, noko som mellomanna tyder på at saka ikkje vil bli anka om vi ikkje følgjer rådet, påpeikar Søviknes.
Saka skal no til politisk handsaming i plan- og bygningsutvalet og kommunestyret etter at administrasjonen har gjort si vurdering av dei uttalane som har kome til planen.