Lokal | 26. mars 2020

Det er flott å sjå korleis lokale bedrifter står på!

Lesarinnlegg: Støtt lokalt næringsliv i den tøffe perioden!

Det er flott å sjå korleis lokale bedrifter står på!
Ordførar Trine Lindborg (Ap), har god erfaring med service og leveranse frå lokale, kreative aktørar. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. mars 2020 20:40

Kva kan vi alle gjera for det lokale næringslivet i denne utfordrande perioden for landet og kommunen vår?

Kva verkøy har vi som kommune å bruka? Og sist, men ikkje minst, kva kan kvar og ein av oss gjera?

Som kommune har vi dessverre ikkje direkte den store verktøykassa å ta av i ein slik situasjon. Det er stat og regjering som kjem med tiltakspakkar og støtteordningar.

Heldigvis har vi kvar veke fått informasjon om tiltakspakkar - og det har roa oss litt innimellom.

Likevel skjønar eg at det er uro og uvisse for kva det vil innebera for kvar enkelt bedrift. Spørsmåla som vert stilt frå næringslivet er mange.

Kva tildelingskriterier vert lagt til grunn, vert det kun utsetjing av innbetaling og lånegarantiar, og kor lenge kan vi halda dette gåande i vår bedrift?

Eg håper dei bedriftene som vart pålagde å stengja - som frisørar, hudpleie, kroppspleie med meir, no snart får klare svar og direkte dekning for sitt inntekstap. Dei står heilt makteslause oppi denne situasjonen. Dei har sine løpande utgifter til husleige og drift,- utan å kunna skaffa seg inntekt.

Det er lova ny informasjon og «pakke» fredag 27. mars - eg håper direktehjelp etter «dansk» modell då kjem som tiltak og tydeleg melding frå regjeringa. I tillegg ligg no ei heil reiselivsnæring brakk, eg forventar også ei avklaring for denne bransjen.

Men det er no likevel ein gong slik at det er ute i kommunane - og i lokalmiljøa - ein kjenner ting på kroppen når bedriftseigare og tilsette fortviler og kjempar med alt dei har for å klara å redda levebrødet sitt.

Tala vi får frå NAV talar for seg sjølv:

Per 25. mars er tala på søknadar om dagpenger i Bjørnafjorden ca 1050, dette utgjer 8,1 % av arbeidsstokken i kommunen vår. (Kjelde NAV.no)

Som ordførar er eg bekymra for næringslivet, og for alle dei av våre innbyggjare som no opplever uttrygghet og usikkerhet. Det vera seg knytta til eiga bedrift og til framtidsutsiktene - og sjølvsagt uroa til dei tilsette.

Mi oppleving er at bedriftseigare kjenner på eit stort ansvar for sine tilsette, og at det sit langt inne å permittera. I mange bedrifter er det tette og nære band mellom leiing og tilsett. Klart dette gjer noko med oss alle saman.

Som kommune er det viktig at vi går i front med det vi kan bidra med av engasjement og optimisme. Det er viktig å halda vår prosjektavdeling i full drift med pågåande planar, anbud og oppdrag.

Det er også tverrpolitisk semje om at plan-og byggningsutvalet skal gjennomføra sine møter slik at ein ikkje stoppar opp framdrift på planarbeid, prosjekt og byggesaker i Bjørnafjorden kommune.

Dette er ei forutsetjng for utvikling, og ikkje minst for alle aktørane innanfor bygg- og anleggsbransjen.

Kommunen sin næringssjef Elin Thorsen jobbar svært aktivt ut mot næringslivet, og ho spleiser bedrifter saman i gode prosjekt. Kunnskapsdeling og veiledning er viktig no.

Mi sterke oppfordring er: ta kontakt med oss og søk råd!

Bjørnafjorden kommune vil både administrativt og frå politisk leiing vera på tilbodsida og søkja løysningar saman med næringslivet der ein har moglegheiter for det.

Det er også nokre bransjar som no treng fleire tilsette. NAV oppmodar alle om å registrera CV-en sin på arbeidsplassen.nav.no. Denne oppmodinga sender eg vidare til alle innbyggjarane våre som no er permitterte eller oppsagde.

Kommunen sin eigen bemanningssentral har no fått over 200 henvendingar frå eksterne som har registrert seg med sin kompetanse - i tillegg har mange frivillige meldt seg.

Av kommunen sine eigne tilsette har over 500 oppdatert sin profil med kompetansekartleggjing.

Det er ein stor styrke for Bjørnafjorden kommune at vi lever i eit lokalsamfunn kor så mange ønskjer å bidra med det dei kan - og det dei klarer. Det gjer meg stolt og glad å vera ordførar i ein kommune som dette.

Det er også flott og sjå at butikkar, serveringstadar og fleire bedrifter finn løysningar saman, dei tilbyr kundar blant anna heimkjøring og vipps-betaling. Eg har sjølv nytta meg av mange av desse tenestene og tilboda dei siste vekene, og tilbod og service er fantastisk og upåklageleg!

No er tida inne for å heia på det vi har rett rundt oss - det er også ein måte å visa solidaritet og ta samfunnsansvar på.

Eg oppfordrar alle til å handla lokalt. Ring butikken eller bedrifta - send ei melding - alt ordnar seg, alt kan dei skaffa og ordna. Det er mi erfaring!

I tillegg gjev det ei god kjensle av samhald og bidrag. Vi kan alle bidra til at butikken og bedrifta faktisk fortsatt er der, når vi alle er tilbake til ein betre og meir «vanleg» kvardag.

Trine Lindborg
Ordførar, Ap

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.