Sport | 19. sep. 2011

- Det er langt frå over

Søre Neset - Solid 2-3: Med siger hadde Søre Neset langt på veg sikra opprykk. - Det er langt frå over, meiner trenaren

- Det er langt frå over
Andris Hamremandag 19. sep. 2011 20:33

Med siger over Solid ville Søre Neset tatt eit stort sprang i retning av å sikre opprykket til 4. divisjon, men manglande markering på corner hindra gledesscener på Søre Neset måndag.

- Vi har måtte gjera skifter i forsvaret heile sesongen. Det lir vi under i dag, meiner trenar Morten Øvrebø.

0-1 kjem allereie etter få minutt. Solid får ein corner som ekspederast i mål av ein umarkert Solid-spelar. Same situasjon oppstår omlag 10 minutt seinare. Igjen glipp Søre Neset på markeringane og Solid-kapteinen sett inn 0-2.

- Vi er for sløve på dødballar i mot. Det er utilgjevelig.

Det var i det store og heile dei to sjansane Solid hadde i førsteomgangen. Etter to mål i mot tek Søre Neset over spelet og er frampå gang etter gang før Tore Kinden sett inn redusering til 1-2 frå 12 meters hold.

- Vi er ikkje effektive nok framfor mål enkelt og greit, oppsummerar Øvrebø.

Pressa på

Andre omgangen fortsatt med Søre Neset press, men det ville seg ikkje heilt. I staden kom Solid på omgangen einaste skikkelege sjanse og bankar ballen i mål bak ein god Anders Kloven.

Ørjan Håland reduserar til 2-3 med omlag 10 minutt igjen, men Søre Neset kjem ikkje nærmare.

- Eg trur vi har ein 10-12 sjansar vi bør setta i mål.

Utfordrar

Med tapet for Solid ramla Søre Neset frå 2. til 3. plass bak nettopp Solid. Situasjonen er no at heile seks lag kjempar om andre plassen som gjev opprykk til 4. divisjon med berre fire serierundar att. Seks poeng skil dei seks laga.

- Eg trur ikkje det kjem til å bli avgjort før i siste serierunde.

- Fordelen er at no er vi utfordrar i staden for å skulle forsvare plassen, meiner Øvrebø som trur at borteoppgjeret mot Rosendal om to serierunder blir ein nøkkelkamp.

Lysekloster suverene igjen

Lysekloster har lenge vore klare for 4. divisjon og ligg heile 20 poeng framfor Solid på andre plass etter at dei i helga banka Baune 2 heile 11-0.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.