Sport | 24. juli 2019

– Det er lett å gå seg fast i fotball-bobla

Det siste som skjedde før finvêret kom var at Os Fotball fekk seg ein dusj på Linken.

– Det er lett å gå seg fast i fotball-bobla
Mange er på ferie, og vêret var ikkje optimalt, men rundt 20 stilte på felles, bratt fjelltur med Os Fotball. 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. juli 2019 09:37

«God trening, ikkje fullt så god timing» kan seiast om Os Fotball sin bratte fellestur til Linken (479 moh) i går.

I skodde og Yr, få timar før sola og varmen kom til Os, gjekk rundt 20 spelarar og foreldre til toppen.

– Vi var litt uheldige med vêret, men folk hadde kledd seg godt og det blei ein fin tur, seier dagleg leiar og A-lagstrenar Endre Brenne.

På toppen var det tautrekking og kubb. Dei hadde òg med seg quiz, men den regna vekk.

– Bør gjerast oftare

I dag er mange unge spelarar frå ulike klubbar samla på Kuventræ for nok ein runde med gratis, sponsa Sparebanken Vest Løkkefotball, med instruktørar frå dei eldre laga og måltid mellom øktene.

– Fjelltur er ikkje berre god, alternativ trening, det er sosialt på tvers av alderstrinn og kjønn. Vi har snakka om det lenge, og eg veit at enkelte lag er flinke med sosiale aktivitetar, men dette er noko vi som klubb bør bli flinkare til i tida som kjem, seier Brenne.

– Det er lett for å gå seg fast i fotball-bobla, men som medlem er det kjekt å av og til koma seg vekk frå kunstgraset for å gjera noko anna saman. Det var òg tilbakemeldingane etter gårsdagens tur, der jenter 8 stilte sterkast med fire representantar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.