– Det er no det er varmast!
Enkelte nektar å venta til neste godvêrsperiode, som startar fredag. Og i dag er det faktisk varmast i vatnet!
Tysdag i førre veke målte Midtsiden badetemperaturane i Os.
I Sigurdsvika var det 18 gradar, i Mobergsvika 16 gradar.
Med tropevarme frå onsdag i førre veke og rundt 25-30-gradar gjennom helga har temperaturen auka med rundt 4-5 gradar dei fleste plassane i Os.
Os kommune gjennomførte ny måling i går, måndag 14. juli, og då var temperaturen heile 22 gradar i Sigurdsvika (Ulvenvatnet) og 19 gradar i Vikjo.
Varmaste målte badeplass i sjøen er Søvikvågen, der temperaturen i går var 21 gradar.
Deilig å bada i regnvêret
Måndag var det grått i Os og tysdag regnar det tett. Temperaturen i lufta ligg på 17 gradar.
Frå og med fredag skal det bli sol og varme igjen.
Storm melder 21 gradar fredag, 23 gradar laurdag, 26 gradar søndag og sol så langt varselet rekk.
Sjå detaljert varsel for Osøyro på Storm.no.
– Det er no når det regnar at det er varmt å bada, seier Mia Paulsberg.
Saman med venninna Amalie Birkeland har ho sykla frå Nore Neset til Ulvenvatnet for å bada.
– Det er fleire på veg, vi blir fem venar her når alle har kome, seier dei to 12-åringane, som tydelegvis ikkje vil venta til fredag med nye badeturar.