Lokal | 13. nov. 2019

Det er på tide med likeløn!

Lesarinnlegg: Lønsgapet tilsvarer at kvinner jobbar gratis ut året.

Det er på tide med likeløn!
Hege Bjørnør er fagpolitisk leiar i Vestland SV. (Arkivfoto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. nov. 2019 14:00

24. oktober 2018 gjekk islandske kvinner frå arbeidet klokka 14:55. Klokkeslettet representerer skilnaden i løn mellom kvinner og menn dersom ein arbeider 9–17.

Dette betyr at kvinner jobbar gratis ut året frå midten av november.

Det same lønsgapet finn ein også i Noreg. Dersom ein legg til grunn at alle jobba heiltid i 2018, tente norske kvinner 87,1 % av det menn tente.

I snitt hadde menn over 6000 kroner meir i månaden enn kvinner.

Skilnadane i løn er størst for heiltidtilsette og dei med høgare utdanning.

SV vil ha eit krafttak for likeløn i Noreg, endringa går altfor sakte og vi krev handling no.

SV arbeider for heiltid i staden for deltid, faste tilsetjingar og høgare organiseringsgrad for eit betre partssamarbeid. Å endre omfattande og systematiske skilnadar er eit kollektivt ansvar.

Vi treng eit krafttak for kvinneløn og likestilling. Vi vil ha ein lønspolitikk som byggjer på prinsippet om lik status og lik løn for arbeid av lik verdi.

Vi har ikkje reell likestilling før vi har økonomisk likestilling.

Vibeke Johnsen, kvinnepolitisk leiar, Vestland SV
Hege Bjørnør, fagligpolitisk leiar, Vestland SV
Marthe Hammer, gruppeleiar, Vestland SV

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.