Sport | 26. apr. 2010

- Det er så gøy

I helga arrangerte Søfteland til fotballturnering for dei minste. 280 ungar koste seg på kunstgraset på Stilvoll.

- Det er så gøy
Gjestmandag 26. apr. 2010 09:03

Bildeserie:

1 av 6

- Det er så gøy å sjå alle ungane som har hatt det kjekt her i helga. Folk har vore kjempenøgde. Også var vi jo heldige med været, sjølv om det kom nokre dråpar på morgonen både laurdag og sundag, fortel Gitte Torp i arrangementskomiteen.

Dei første kampane
For nokre av deltakarane blei turneringa deira første skikkelege fotballkampar. Førsteklassingane fødd i 2003 har byrja med fotball i vår og har ikkje kome i gong med seriespel.

Dei spelte femmar-fotball i mix-klasse der gutane og jentene spela saman.

Veks for kvart år
- For to år sidan var turneringa for berre 99-årgangen. I fjor utvida vi litt med nokre 98-lag, før vi i år har hatt 38 lag i fire årsklassar.

I løpet av dei to dagane har vi spelt 80 kampar. Dei yngste har spelt femmar-fotball, medan dei som er fødd i 99 har spelt sjuar-fotball. Vi har òg hatt eigne jenteklassar, seier Torp.

Gratis
Turneringa er ei invitasjonsturnering kor arrangørane tar direkte kontakt med laga dei vil ha med. Laga betalar ikkje noko for å delta.

I dei yngste klassane var det lag frå Lysekloster, Søre Neset, Nore Neset, Kaland, Jada og Os Turn, i tillegg til STIL sine eigne lag.

I den eldste klassen hadde arrangørane også invitert lag frå byen, så der var også Smørås, Gneist, Nymark, Bjarg og Fyllingen med.

Eit fint overskot
Rekneskapen frå turneringa er ikkje klar enno, men Torp reknar med at dei også i år går med overskot. Inntektane kjem frå kiosk-, grill- og loddsal.

- Det er viktig at dei som stiller opp på dugnad ser at arbeidet deira gev noko tilbake. Derfor brukte vi delar av overskotet frå i fjor til nytt høgtalaranlegg til anlegget. Dei vaksne og ungane på Søfteland er flinke til å stilla opp, så det har ikkje vore noko problem å få nok folk til dei forskjellige oppgåvene, avsluttar Gitte Torp, som samstundes takkar alle for ein fantastisk innsats.

Kva overskotet frå årets turnering skal brukast til er enno ikkje bestemt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.