– Det er truleg eit uhell
Best-stasjonen Os Servicesenter ønskjer kontakt med den som fylte avgiftsfri diesel søndag ettermiddag etter at ei pumpe blei lagt rett i bakken.
Søndag litt før klokka 19 fekk Rolf Tveit på Os Servicesenter melding om at ei av pumpene på stasjonen låg velta i bakken.
– Heldivis er det fleksislanger på pumpene, så det blei ingen lekkasje, fortel Rolf.
Også nabopumpa er skadd, men reparatørar er på staden for å få dei i drift igjen.
– Måndag formiddag er ei typisk tid der entreprenørar fyller opp maskinene sine. Prisane er i dag 2,50 under normalen, så vi taper sal av ein del liter i dag.
Vil sjå gjennom overvakingsvideo
Rolf har kontakta politiet, men har venta med å melda saka.
Han trur det er snakk om eit uhell, og ikkje hærverk, at nokon har kjørt frå pumpa med pistolen ståane i ein lastebil eller ei gravemaskin på hengar.
– Vedkomande har truleg sett pistolen på tanking og gløymt å ta den utav før han kjørte. Med store maskiner har vedkomande truleg ikkje merka at han har slept med seg pumpa eit stykke.
– Dette har skjedd ein gong før klokka 19 i går. Eg vil sjå gjennom video frå overvakingskamera, men det er til hjelp om dei som fylte i går tar kontakt sjølv, seier Tveit.