- Det finst andre hus
Årsmeldinga for Oseana skapte kommunestyredebatt. Har det blitt for dyrt for frivillige å bruka huset?
Kommunestyret behandla tysdag årsmeldinga og rekneskapen for det kommunale føretaket Oseana Kunst- og Kultursenter. Føretaket la fram eit positivt årsresultat på vel 1,2 millionar kroner, men det var ikkje dette som fekk opp temperaturen og skapte debatt.
Torill Keys (Ap) opna ballet med å visa til ein artikkel i BA der det kom fram at kostnaden for å leige huset, utstyr og teknisk mannskap for frivillige lag og organisasjoner skriv seg til godt over 10.000 kroner kvelden.
- Det må ikkje vera slik at kulturhuset øydelegg for frivillige lag og organisasjonar, meinte Keys.
Staten ikkje med
Det fekk både Anders Hjelle (TvS) og Terje Hatvik (V) til å henga seg på med spørsmål om totalkostnaden for byggeprosjektet, om det var slik at lag og organisasjonar ikkje har råd til å bruka huset og om kva som skjer i høve til statleg medfinansiering.
Kommunalsjef Ingvar Torsvik og rådmann Knut Terje Rekve prøvde å svara så godt dei kunne.
- Vi har fått ein del klagar på at prisen er høg. I samband med skulebruksplanen og ombygginga av ungdomsskulen må vi sjå på om det er mogleg å tilretteleggja for å løysa nokre av desse problema ved å bruke skulane meir aktivt også på kveldstid.
- Spørsmålet om subsidiering av kulturell aktivitet er eit reint politisk spørsmål som høyrer heime i denne salen og ikkje på administrasjonen sitt bord, påpeikte rådmannen.
Når det kjem til statleg medverknad innrømte ordførar Terje Søviknes (Frp) at det toget nok var godt og at ein no hadde valt ein strategi der ein vil søkja driftsstøtte både hos fylket og staten. Det endeleg byggerekneskapet vil bli lagt fram til politisk behandling i juni.
Ein ny runde Fjellheim
Arbeiderpartiet og Torill Keys har ikkje gjeve opp kampen om å behalda Fjellheim som kulturstove.
- Det er veldig trist at ikkje alle kan bruka Oseana. Vi har jo Fjellheim som har fungert som kulturhus i 100 år. Det er jo berre å låsa det opp. Ein brannteknisk rapport frå 2007 seier det vil kosta 1 million å rusta det opp, så det vil truleg kosta mindre enn å bygga nytt, sa Keys.
Og dermed hissa Keys på seg Frp sine representantar.
- Det er jo ikkje slik at det er ein folkerett for lag og organisasjonar å få bruka Oseana gratis. Vi har fått eit fantastisk kulturhus som trekk til seg lokale, nasjonale og internasjonale artistar. Då kan andre bruka nokre av dei andre alternativa vi har i bygda, meinte Eirik André Hesthammer.
- Eg synes vi har hatt gode debattar i dag, meinte Espen Aspenes, som viste til Lars Atle Skorpen (Ap) sitt innlegg under saka om kommunen sitt overordna årsrekneskap kor han mana til varsemd.
- Men no synes eg Ap er litt Ole Brum, med ja takk begge deler. Eg vil minna om at vi gjorde eit tilnærma samrøystes vedtak om å bruka 10 millionar av salet av Fjellheim som finansiering av Oseana. Å halda Fjellheim ope vil i tillegg kreva driftsmidlar.