Kultur | 04. aug. 2015

– Det går ikkje av seg sjølv

I fjor gjekk Osfest nesten i null, i år blei det selt dobbelt så mange billettar. – Vi treng framleis støtte, seier arrangørane.

– Det går ikkje av seg sjølv
Ole Reinert Berg-Olsen og Tor Egil Hylland i samtale under frivilligfesten dagen derpå søndag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 04. aug. 2015 08:23

I 2014 såg Osfest dagens lys, men lyst blei det ikkje, bortsett frå på Peppes, der lynnedslag gjorde skade for 700.000 kroner.

– Driftsmessig gjekk vi likevel i null, men vi landa på ein liten minus som årsresultat, seier Tor Egil Hylland.

I år kan han og medeigar i Osfest AS, Ole Reinert Berg-Olsen, gle seg over eit cirka dobbelt så godt billettsal.

– Vi har ikkje dei endelege tala, men vi reknar med at det var rundt 3000 inne per dag, med nokre fleire laurdag enn fredag. Fredag åleine selte vi 1000 hamburgarar, som er like mykje som under heile festivalen i fjor.

Osfest er med andre ord allereie nesten 1/4 av Tysnesfest i besøkstal. Dei hadde nesten 26.000 gjestar i år, mens Søfteland Rock N LOL hadde 5.850 gjestar (3000 gratis) på sin siste festival i 2013.

Omsetnad på rundt 5 mill

Delar av billettsalet blei gjort på Billettservice. Her selte Osfest 433 billettar i fjor og 1001 i år. Fleire av desse var pass, som arrangørane tel som to billettar.

Det er venta at omsetnaden har auka frå 2.850.000 i 2014 til rundt 5 millionar kroner i år.

Hylland vil ikkje ut med detaljert artistbudsjett, men seier dette auka med rundt 50 prosent frå 2014 til 2015.

– Det var også høgare utgifter til blant anna overnatting, då vi hadde fleire tilreisande artistar enn i fjor. Totalt auka vi denne posten meir enn 50 prosent.

Ønskjer å bli fast post på budsjettet

Uansett kor mange hundre tusen Osfest auka artistbudsjettet med er det tydeleg at dei som støtta festivalen økonomisk gjorde at Osfest løfta seg, både arrangørar og publikum fekk igjen for kronene.

– Sjølv om vi no går med overskot er det viktig for oss å nå ut til sponsorar i åra som kjem, vi klarer ikkje å gjennomføra denne festen utan at det blir eit spleiselag og at vi har ein tryggleik i botnen.

I tillegg til at Os kommune kjøper det eine cruiset i festivalprogrammet og låner vekk prestegarden og grusplassen gratis, gav dei i fjor 300.000 kroner i støtte (som før 2014-festivalen, men den var då delt i to, 100.000 i 2013, 200.000 i 2014).

– Vi vil prøva å få kommunen sitt bidrag inn som ein fast post på budsjettet til kommunen, så vi slepp å søkja om KUP-midlar, midlar som mange andre gode tiltak er med og kjempar om, seier Ole Reinert Berg-Olsen.

– «Alle» eig Osfest

Orbo og Hylland er nøgde med at dei trefte med programmet, fekk noko betre vêr, minst like mange frivillige som stilte opp - og at opplevinga blei god for dei som gjesta festivalen.

– Det er ikkje eg og Tor Egil sin festival, det er heile Os sin festival. Den innstillinga føler vi også at vi ser hos mange, spesielt blant dei frivillige. Folk føler eigarskap til arrangementet og tar sjølvstendig ansvar for sine oppgåver, seier Ole.

– Vi gler oss også over at andre verksemder i Os tener på festivalen, alt frå camping og kommune, med inntekter på hamna, til bensinstasjonar, restaurantar og utelivsplassar.

Midtsiden samleside: Osfest

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.