– Det gjekk betre enn eg hadde trudd
Trass 15 fleire baklengsmål enn i 2015 har Os eitt og anna å gle seg over etter stortap for Tertnes.
Bildeserie:
Med walkover i første runde og eliteseriemotstand i andre fekk Os i kveld ein bråstart på sesongen.
Tertnes stilte stjernespekka og kontra Os i seink - framfor 302 publikummarar på tribunen.
1-6 blei til 3-13. Til pause sto det 5-27, kampen enda 15-53.
Kampen enda 15-53, mot 16-39 i NM i 2015.
• Sjå kampfakta på handball.no
– Vi har ein del å jobba med, både på returløp og det å få det til å flyta meir i angrep. Alt blir vanskeleg mot eit lag som dette, også å skåra. Eg sendte av garde skot eg trudde skulle gå rett i kryssen, så er ho oppe og fangar ballen med begge nevane, seier Os sin toppskårar, Line Hjelle Berentsen.
Line skåra 7 mål mot tidlegare lagvenninner, 3 av dei frå 7-meteren.
– Eg hadde håpa at vi sleppte inn litt færre mål, men samtidig var vi gode i etablert forsvar. Eg synest òg at keeperane gjer ein god jobb, trass vanskeleg motstand og mange gode skot, seier trenar Gitte Torp.
Mange av Tertnes sine mål kom på kontring eller frå 7-metersmerket.
Nøgde ungdomar
Lene Cathrine Olsen Sande og Jeanette Hjartåker Haugland hadde sin debut med 2. divisjonslaget til Os i dag, Nora Johnsen og Stine Eide spelte sin første seniorkamp (var ikkje gamle nok førre sesong).
Stårskårar frå førre sesong, Nora Berge (18), skåra med 3 mål, mens jamgamle Emma Sælen Lyssand og Anna Martine Særvoll Mjånes (17) skåra 2 mål kvar.
– Eg synest det gjekk betre enn venta, og eg hadde ikkje trudd at eg skulle skåra, seier Emma etter kamp.
Hjelle Berentsen gler seg over godt forsvar, og seier nokre av dei innøvde trekka frå oppkøyringa i sommar også fungerte mot eliteseriespelarar.
Ho dirigerte sjølv eit trekk der ho sendte Anna på tversoverløp og, etter mykje hard jobbing av strekspelarane, endeleg fekk lagt inn til nettkjenning av Irmelin Catarina Munch Lund. Irmelin skaffa to straffar før pause, i 2. omgang blei det endeleg skåring på 19-åringen.
Både Gitte og Line takka publikum for oppmøtet og for stemninga dei skapte på tribunen, ikkje minst dei yngste, leia av bygdas store supportersjef i fleire idrettar, Tore Kleppe.
Tertnes tok timeout
Tertnes-trenar Tore Johannessen seier han hadde fokus på to ting til dagens kamp mot 2. divisjonslaget Os.
– Vi skulle vera tolmodige i forsvar, ikkje ta sjansar, men slå til når Os gjorde feil. Og så skulle vi vera presise i angrep og kontringsspelet vårt.
– Dette lukkast vi med i store delar av 2. omgang, men etter pause var det ein periode der vi var svake, eller Os gode, og det sto 6-8 i skåringar etter pause. Heldigvis kom det seg.
Tina Abdula var lynrask og treffsikker, og sette 7 mål før pause. I 2. omgang kom ho innpå igjen og skåra 4 mål til.
Kaptein Vilde Ingeborg Johansen har til saman ti kampar på aldersbestemt- og juniorlandslag. Tertnes hadde òg med seg stortalentet Kjerstin Boge Solås. Boge Solås var den yngste landslagsdebutanten nokosinne då ho var med på å vinna EM (senior) i 2016. I fjor rauk og korsbandet, men no er den snart 19 år gamle stjerna frå Dale tydelegvis på veg tilbake i form.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.