Lokal | 01. juni 2010

- Det gjekk dårleg

Os Wolverines tapte heimekampen mot AFC Show laurdag.

- Det gjekk dårleg
Andris Hamretirsdag 01. juni 2010 10:49

- Forsvaret spelte ganske bra, men dei måtte stå mykje på banen, då vi ikkje klarte å koma dei naudsynte 10 yards då vi hadde ballen i angrep. Det gjorde at forsvarsspelarane blei slitne etterkvart ettersom dei laut spela mykje, fortel trenar Christian Detjen.

Fram til pause var djervane frå Os bra med i kampen, og låg berre under 0 – 13.
Kampen enda 0-32.

Kun éin first down
First down er når laget har ballen. Dei får då fire forsøk på å komma seg ti yards framover på banen.

- Det klarte vi berre éin gong i kampen og det er for dårleg, meiner Christian, som samstundes legg til at dei møtte eit veldig godt lag som utnytta den manglande rutinen hos Os Wolverines.

Har potensiale
- Eg prata mykje med trenaren til AFC Show, Jarle Magnus Henriksen, som òg er landslagstrenar. Han meinte det er mykje potensiale i laget vår som vil komma når vi får meir erfaring og rutine.

- Kva no?

- No har vi igjen ein kamp 12. juni borte mot Tønsberg. Dei har òg tapt alle kampane sine, så eg håpar vi skal få ein bra avslutning av sesongen i 2. divisjon.

- Frå hausten skal vi spela ein lokal 3. divisjon med fleire nye lag. Mellom anna har Sjøkrigsskulen og Studentsamskipnaden i Bergen starta lag. Eg trur det blir betre. Då kjem vi i ein liga som minner litt om slik det er i Tyskland, kor nye lag spelar ein eigen liga. Då gjer det ikkje så mykje om ein manglar rutine, for det er det ingen andre som har heller.

- Det blir ein liga som eg trur passar oss bra, avsluttar Os-trenaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.