Sport | 25. juni 2018

– Det hadde vore kjempegøy

Kan NM-kamp mellom Os og Tertnes bli opningen av den nye dobbelthallen på Kuventræ?

– Det hadde vore kjempegøy
Thiet Dang skåra på straffe sist Os tok imot Tertnes Elite, då med landslagsspelar Stine Skogrand (i bakgrunnen) på laget. No møtest laga på nytt (arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamremandag 25. juni 2018 14:34

I førre veke kom oppsettet for dei første rundene i NM i handball for damer. Der kjem det fram at Os Håndball går rett til 2. runde kor dei møter Tertnes Håndball Elite.

– Blir det opningskampen av den nye hallen, spør vi Os-trenar Gitte Torp.

– Det veit eg ikkje, men det hadde vore kjempegøy om det hadde latt seg gjera å kombinere opninga av hallen med kampen mot Tertnes. Eg har allereie sendt ein epost til styret om vi kan klare å gjera noko ekstra ut av kampen, så om det hadde latt seg gjera, så hadde det vore gøy.

Tøff oppgåve, men god trening

Gøy blir kampen uansett trur Torp, som innrømmer at ho ikkje har forventning om å skulle hamle opp med eliteserielaget.

– Både dei og vi er i oppkøyring i august, så det viktigste blir nok å jobba med dei tinga vi skal ha fokus på. På planen har vi at vi skal arbeide mykje med forsvar på den tiden og det kan jo vera moro å sjå korleis vi taklar å møte eit lag to nivå over oss.

– Eg reknar med at Tertnes, som er litt i same situasjon som oss med mange nye spelarar, også kjem til å ha fokus på å spele saman dei nye, så det blir nok ein god kamp, kor begge laga får trent på det som er viktig.

– Uansett blir det kjempegøy å møte dei. Vi skal vel vera så ærlege at vi hadde nok ikkje fått ein treningskamp mot Tertnes, så då må vi berre nytte sjansen når vi får det servert frå forbundet.

Har møttest før

Dei to laga har også tidlegare møttest i NM. Sist i 2015, då Thiet Dang og Mia Torp Nielsen var ferske på damelaget og fekk prøva seg. Madeleine Hjertnes skår då ti mål mot elitespelarane.

I 2010 slo Tertnes Os 41-18, men blei dømd til å tapa kampen då dei hadde nytta seks spelarar som ikkje var speleberettiga. Os vann likevel ikkje kampen, då også dei hadde spelarar på banen som ikkje hadde lov til å spele.

– Det kan eg love deg ikkje skjer denne gangen, ler Torp.

Kampen skal vera spelt innan 29. august, men dei to laga har så langt ikkje avtalt speledato.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.