– Det har aldri vore så gale før!
Sjå video frå havari på Hatvik. – Det verste vêret på minst 46 år, seier eigar av hamna.
Natt til laurdag havarerte fleire båtar i Hatvika, blant anna ein sjark som har lagt fortøydd ved ferjekaien, ein sjark som også gjekk ned for tre månadar sidan.
Les òg: Dagen derpå i Hatvik
– Vi merka at det bles godt i 22-tida og rundt midnatt blei det verre, så då gjekk eg ned i hamna. Men det var dessverre så kraftig vind at vi ikkje kunne gjera noko anna enn å stå og sjå på, seier Guttorm Gjerde senior.
SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN
Gjerde eig Hatvik Småbåthamn, ei hamn som har plass til nesten 70 båtar.
– Eg har budd her inne i 46 år og aldri sett så kraftige bølgjer i denne vika. Det står litt på når vinden kjem frå aust, men det har aldri vore så gale før.
Filma øydeleggingane
Magnus Milde har ein båt som låg i bøye innanfor marinaen.
– Eg reiste inn til hamna og blei der heile natta til ut på formiddagen.
Milde stramma fortøyingane litt, frå land, men det var det einaste han kunne gjera. Bortsett frå å filma nokre opptak av uvêret.
– Båten min klarte seg bra, men det var dessverre ikkje noko å gjera med dei som knuste mot land.
Gjerde er einig.
– Også inne ved parkeringsplassen var det farleg å stå nær sjøen.
Oppussingsprosjekt hamna på botnen
I bryggeanlegget var det blant anna ein 28 fot stor Bonanza som sleit seg og rekte inn til steinane ved parkeringsplassen. Der blei den knust så den til slutt sokk.
– Eg hadde nettopp pussa opp heile lugaren og alt det innvendige, fortel eigar, Frank-Ove Oppedal til bt.no.
– Det låg ein god del timar og dagar bak det, eg jobba med den i kvar friperiode sidan eg kjøpte den for eitt år sidan.
Bonanzaen blei tatt på land i går, sjarken ligg framleis under vatn.
Ordner bryggene
Begge landgangane til Gjerde blei øydelagt av bølgjene og fleire utriggarar blei smadra.
– Vi står på for å ordna anlegget og har fått ferdig ein ny landgang.
– Det er berre ein månad sida vi hadde dykkarar nede for å stramma forankringa før vinteren, må no må vi nok ha folk her igjen. Det er ikkje noko som har slite seg, men bryggene er litt dreidd.
Hamna er fullteikna med båtar og Gjerde har ei lita venteliste med folk som vil ha plass.
– No får vi få alt på plass igjen så får vi håpa det er lenge til neste gong vinden kjem denne vegen med sånn styrke.
VIDEO: Sjå uvêret på Hatvik og Bonanzaen som slit seg og blir knust mot land. (Foto: Magnus Milde)