Musikk | 28. sep. 2022

– Det kan bli trangt om plassen i bedehuset

Held konsert hos nyoppussa 100-åring.

– Det kan bli trangt om plassen i bedehuset
Bedehuset «Fredheim» blei bygd i 1922, og er pussa opp utandørs og inne dei siste åra. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. sep. 2022 08:03

Bedehuset «Fredheim» i Øyane blei bygd i 1922, om lag på same tid som ungdomshuset «Skogheim».

Lokale krefter har pussa opp huset dei siste åra, både fasaden og inne.

I neste veke er det konsert med koret KOR-MIX frå Åsane i bedehuset.

Dirigent er pensjonert Kongshaug-rektor Oddvar Rotvik.

KOR-MIX frå Åsane syng i Bedehuset i Øyane. Dirigent er pensjonert Kongshaug-rektor Oddvar Rotvik. (Foto: Privat)
KOR-MIX frå Åsane syng i Bedehuset i Øyane. Dirigent er pensjonert Kongshaug-rektor Oddvar Rotvik. (Foto: Privat)

– Konserten er på kvelden torsdag 6. oktober. Vi håper konserten vil gi ny inspirasjon til å fylla bedehuset med song og salmar også i åra som kjem, seier Rotvik.

Pianist er Dag Vilsvik.

– Programmet består av nye og gamle bedehussongar. Koret framfører tekstar av Elias Blix til nye melodiar og arrangement skrivne av Vilsvik.

Bilde frå salen i bedehuset i 2020. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bilde frå salen i bedehuset i 2020. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

I sommar var koret på turné i Salten, Nordland i ei veke.

– Koret song i Bodø domkirke, Kjerringøy, Saltstraumen, Fauske, Sør Arnøy og avslutta på Elias Blix-stemne på Inndyr.

Femti personar var med på turen til Salten.

– Vi reknar med det kan bli trangt om plassen i bedehuset denne kvelden. Programmet vil passa godt i dette ærverdige bedehuset, som har vore fylt med song og salmar i generasjonar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.