Det nye E39-kontoret
E39 Svegatjørn-Rådal: Veidekke er på plass i brakkeriggen ved Svegatjørn.
Bildeserie:
Fredag blei det kjent at stenginga av Ulvenvegen, i samband med bygging av ny E39, er utsett i fire veker.
Årsaka er at ny busslomme og omlegging av kryss mellom Kolskogheiane og Ulvenvegen ikkje er ferdig.
Parallelt med omlegging i Kolskogheiane held Veidekke på med å rigga seg klar for auka aktivitet.
40 nye kontorplassar
Då Statens vegvesen kjøpte Bøe & Lepsøy sitt lager i Kolskogen blei det lagt til rette for ein god base for Veidekke.
– Lageret er førebels ikkje i bruk, men brakkeriggen kom på plass for cirka to veker sidan, seier driftleiar Jarle Søviknes frå Veidekke.
Førebels er det rundt 10 frå Veidekke som har arbeidsdagen sin i den nye basen, men det skal koma 40, i tillegg til 4 frå vegvesenet.
Ny rigg og utvida parkering
Når Ulvenvegen blir stengt utløyser det mykje arbeid, blant anna tømming (vatn ut) og fylling (stein inn) av Svegatjørn.
– Vi blir rundt 40 inne og 40 ute, og skal bygga eigen brakkerigg med garderobar og kantine til maskinførarane. Då treng vi ein del parkeringsplassar, seier Søviknes.
I området ved Svegatjørn blir det både bygd anleggsveg ned til vatnet, så dei kan koma seg ned med pumper, og sprengt vekk massar til utvida parkeringsplass.
I tillegg blir det bygd overnattingsplass til 160 personar i brakkehotell ved gigantlageret i Ådnadalen.
Midtsiden samleside: E39 Svegatjørn - Rådal
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.