Lokal | 16. sep. 2014

– Det skal bli ein fest

Onsdag feirar Os barneskule 100 år med blant anna fire rektorar på plass. – Vi håper mange av dei tidlegare elevane kjem, seier rektor Beate Moberg.

– Det skal bli ein fest
Elevane øvar til den storstilte festen onsdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 16. sep. 2014 14:18

Bildeserie:

I andre høgda på kviteskulen har dei innreia ei gamal skulestue (foto: AH)
I andre høgda på kviteskulen har dei innreia ei gamal skulestue (foto: AH)
Og stilt ut gamalt undervisningsmateriale (foto: AH)
Og stilt ut gamalt undervisningsmateriale (foto: AH)
Korleis var det med måle-einingane igjen? (foto: AH)
Korleis var det med måle-einingane igjen? (foto: AH)
Eller sj, skj, gj-lydane? (foto: AH)
Eller sj, skj, gj-lydane? (foto: AH)
Guter og jenter kunne ikkje ha den same kroppsøvinga... (foto: AH)
Guter og jenter kunne ikkje ha den same kroppsøvinga... (foto: AH)
1 av 5

I 1914 blei kviteskulen bygd i Giskavollen. Skulen skulle ligga nær prestegarden og tok over for den første skulestova som blei bygd i Klokkargarden i 1861.

Les òg: Os skule gjennom 100 år

– Feiringa onsdag frå 18 til 20 skal bli ein fest kor vi kombinerer korleis det var å gå på skulen for 100 år sidan, med korleis det er i dag.

– Vi har invitert bebuarar på mellom anna Luranetunet og Gamleheimshagen, som kanskje gjekk her i gamledagar, i tillegg til dagens elevar og deira foreldre og besteforeldre.

– Eg håper alle som har historia si på Os skule har lyst til å vera med på feiringa, seier rektor Beate Moberg.

Fire rektorar kjem

Dagens rektor gler seg spesielt til å få møta tre av forgjengarane sine.

– Arne Lunde, Kåre Eiken og Anne Fossberg Fristad kjem alle tre.

– Eg har inntrykk av at dei gler seg like mykje som meg til å treffa nye og gamle elevar og sjå korleis skulen er i dag.

Kor med 400 songarar

I skulegarden blir det leikar og aktivitetar frå skulen si 100 år lange historie.

– Elevane har øvd og lært seg aktivitetar for forskjellige periodar. Her kjem det til å bli aktivitetar som vi kjenner frå trivselslederprogrammet i dag, til den gode gamle linjegymnastikken.

– I tillegg skal alle elevane og dei tilsette samlast i eit 400 personar stort kor for å syngje nokre av dei kjente og kjære songane som har vore brukt opp gjennom åra.

– Eg reknar med at det er mange som kjenner att dei, og eg håper dei syng med.

Innreia gamal skulestue

I tillegg til aktivitetar, song, taler og overraskingar har elevane og skulen førebudd utstillingar forskjellige stadar på skulen.

– I andre høgda på Kviteskulen har vi innreiia det eine klasserommet som ei gamal skulestove.

– Der har vi òg laga ei utstilling med utstyr som har vore i bruk på skulen dei siste 100 åra.

– I kjellaren vil det vera ei utstilling som elevane har laga kor dei viser korleis kviteskulen ser ut med deira auge.

– I tillegg til det vil det vera både fotoutstilling og aktivitetar med sanitetsforeninga, husflidlaget og småfiskarlaget i den nyaste delen av skulen, så eg håpar folk tek seg tid til å sjå seg om.

– Ein kvar bursdagsfeiring må jo ha kaker, saft og kaffi, så vi riggar til kafé framfor sløydsalen, kor det òg vil vera underhaldning utover ettermiddagen, avsluttar Beate Moberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.