Lokal | 15. juli 2019

Det skal vera trygt og godt å veksa opp i Bjørnafjorden kommune!

Lesarinnlegg: Bjørnafjorden FrP prioriterer det viktigaste først.

Det skal vera trygt og godt å veksa opp i Bjørnafjorden kommune!
Eirik André Hesthamar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 15. juli 2019 08:17

Det krevst ei heil bygd for å oppdra, danna og utdanna eit barn! Derfor prioriterer vi i FrP det viktigaste først. I Bjørnafjorden kommune skal barn og unge ha dei beste oppvekstvilkåra.

I vår kommune er du allereie i våre tankar før du er fødd. Gjennom kommunen si jordmorteneste har vi vist at vi er framsynte, og ynskjer å vera i stadig utvikling. Derfor tilbyr vi både Trygg start og Nærjordmorsenter til våre nyfødde innbyggarar.

Det skal vera trygt og godt å verta ein del av Bjørnafjorden kommune!

Os kommune har i mange år hatt full barnehagedekning. Dette er takka vera eit særs godt samarbeid mellom kommunen og våre mange ulike private barnehageeigarar. FrP er positiv til det mangfaldet av barnehagar vi har i Bjørnafjorden kommune i dag, og gler oss over at foreldra også i årets foreldreundersøking (Udir) er strålande nøgd med barnehagane i kommunen.

For FrP har det også vore viktig å driva eit aktivt og kunnskapsbasert skuleeigarskap.

Dette har vi gjort gjennom å etablera Prosjekt Betre Læringsresultat som ein aktivt og god dialogarena mellom administrasjon, tillitsvalde og politisk nivå. Kunnskapen frå prosjektet har gjort at FrP og Høyre saman med budsjettpartnarar dei siste åra har bevilga nær 20 millionar til målretta tiltak i barnehagane og grunnskulane våre som Dei utrulege åra, Meistringsteam, Leselos og Forsterkningslærar.

Satsingar som vi no ser resultata av, og satsingar vi vil bringa inn i Bjørnafjorden kommune!

Vi jobbar målretta med barn og unge sitt psykososiale oppvekstmiljø. I eit godt samspel mellom kommunen og ulike ideelle organisasjonar finn vi ei lang rekke satsingar som Meistringsteamet, Innsatsteam mot mobbing, MOT-satsinga, Se meg - Ungdom og psykisk helse, Sjåast i morgon og Kjør for livet.

Det skal vera trygt og godt å veksa opp i Bjørnafjorden kommune!

Bjørnafjorden FrP prioritarer det viktigaste først – berre då kan vi levera Livskvalitet for alle!

Eirik André Hesthamar
6. kandidat
Bjørnafjorden FrP

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.