– Det strøymer på med frivillige
Base på Osbadet: Politi, hundar, Røde Kors, helikopter og ei aukande mengde frivillige søker etter ei kvinne som søndag morgon blei meldt sakna.
Søndag klokka 6 blei ei kvinne i starten av 20-åra meldt sakna frå heimen sin i Varåsen nær Idrettsvegen.
Sakna forsvann tynnkledd frå heimen ein god time i forvegen.
– Vi fekk sett i gang søk med éin gong. To hundepatruljar var raskt på staden og fem patruljar frå Norske Redningshundar blei tilkalla, fortel politibetjent Kenneth Rastad.
OPPDATERT kl 10:27: Kvinna er funnen.
Base på Osbadet
Litt før klokka 9 blei det oppretta base på Osbadet.
– Eg var på kontoret då dei ringte, det gjekk tre minutt så var dei her.
– Det er kjekt å kunna hjelpa, seier dagleg leiar Håkon Andree E. Johansen.
Han legg til at Osbadet er ope som normalt.
Søkjer i nærområdet
Rastad fortel om store mengder frivillige som er i aksjon. Medan Midtsiden var på Osbadet kom det stadig nye grupper og enkeltpersonar og registrerte seg for å delta.
– Vi jobbar ut frå fleire teoriar, men søket går førebels lokalt og så aukar vi radiusen etterkvart.
Fleire venar og familiemedlemmar deltar også. Ingen veit førebels kvar den sakna kvinna er, men dei håper at ho er innandørs og at nokon melder ifrå om dei veit kvar.
– Folk som bur i området kan gjerne sjekka garasjar og skur, eller koma og melda seg i aksjonen, om dei ønskjer å delta.
Også luftambulansen har gjort søk over Varåsen og Kuven søndag formiddag.