Helse | 10. okt. 2021

Det sunne feittet

6 kjappe tips til korleis du kan eta hjartevenleg.

Det sunne feittet
Torill Bakke er fast spaltist i Midtsiden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 10. okt. 2021 07:25

Fysioterapeut og personleg trenar (PT) Torill Bakke er fast Midtsiden-spaltist, og kjem i starten på kvar månad med gode råd innan trening og ernæring.

Feitt er ein viktig del av kosthaldet vårt. Saman med karbohydratar og protein gjer feitt kroppen vår energi. Fiett er energirikt, det finst i alle cellene i kroppen vår og det bidrar til å bygga opp cellene.

Feitt er også eit viktig energilager i kroppen. Feittvev isolerer og bidrar til å halda ein jamn kroppstemperatur. Det vernar også indre organ mot støt.

Kroppen vår treng feitt, men av omsyn til hjartehelsa vår er det viktig å ta gode val når det gjeld feitt. Hjarte- og karsjukdomar tar mange liv i Noreg.

Vi skil mellom metta og umetta feitt.

Metta feitt bør vi begrensa inntaket vårt av, mens umeitta feitt er det sunne feittet som bidrar til å seinka kolesterolet vårt og kan etast - i moderate mengder. Eit kjenneteikn på umetta feitt er at det forblir mjukt, eller i flytande form i kjøleskapstemperatur.

Umetta fett kjem i hovudsak frå planteriket, som solsikke- og maisolje, i tillegg til feit fisk som laks, ørret, makrell og sild. Det sunne fettet er hjartevenleg.

Metta feitt blir hardt i kjøleskapstemperatur. Ugunstig inntak av metta feitt aukar risikoen for kolesterolavleiringar på innsida av blodårene våre, artereosklerose.

Metta feitt finn du hovudsakleg i kjøtt og feite meierivarer, i tillegg til i palmeolje og kokosfett.

Transfett kjem også inn under metta feitt, og høgt inntak aukar risikoen for hjarte- og karsjukdomar. For å unngå dette er mitt beste tips her å begrensa inntak og bruk av kaker, kjeks og frityrolje.

6 kjappe tips til korleis du kan eta hjartevenleg:

  • Et fisk til middag to til tre gongar i veka. Bruk gjerne også fisk som pålegg. Kos deg med laks, aure og makrell.
  • La magre meieriprodukt vera ein del av det daglege kosthaldet ditt.
  • Velg magert kjøtt og magre kjøttprodukt. Begrens mengda raudt kjøt og bearbeidd kjøt (for eksempel kjøtdeig).
  • Nøtter (ein neve usalta dagleg), frø og avokado er sunne feittvalg.
  • Velg matoljer, flytande margarin og mjuk margarin framfor hard margarin og smør.
  • Bruk dressing basert på olje, majones, eller pesto framfor rømmebasert dressing.

Eit balansert og godt kosthald er eit godt grunnlag for ei god helse. Ha generelt eit variert kosthald med fokus på mykje grønnsaker, frukt og ber, grove kornprodukt og fisk.

Begrens mengda bearbeidd kjøt, raudt kjøtt, salt og sukker. Eit godt kvardagskosthald gjer rom for utskeielser når helga kjem.

Torill Bakke
Fysioterapeut, personleg trenar og kostvegleiar
@torillbakke

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.