Trond Blomberg på toppen av Gaustadstoppen saman med heiagjengen og støttespelarane (foto: Frank Baggen)

– Det var ei stor oppleving

Støtte frå publikum langs løypa og på facebook hjalp Trond Blomberg til målet om svart trøye i Norseman Xtream Triathlon, men det fristar ikkje å gjera det igjen.

image
image
image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

Då han starta med triathlon i 2010 var Norseman Xtream Triathlon eit av dei triathlon-løpa det blei snakka høgt og mykje om. Laurdag deltok Trond Blomberg, etter å ha søkt om deltaking i tre år

– Det gjekk betre enn eg hadde trudd. At eg skulle klare målet om å bli blant dei 160 første og med det få løpa opp på Gaustadtoppen er utruleg kjekt, seier Trond Blomberg til Midtsiden, to dagar etter at han kom i mål.

Bra på svømming og sykling

Blomberg brukte 1.14.11 på dei 3,8 kilometerane svømming, 7.10.29 på 180 km sykling og 7.09.06 på 42,2 kilometer løping. På heile løpet bruke han 15.45.17 og kom i mål på 137. plass i herreklassen.

– Svømminga gjekk raskare enn eg hadde trudd. Syklinga gjekk i overkant bra og et starta bra på løpinga, men fekk det kraftig etterkvart.

– Eg hadde spist for lite og berre drukke energidrikk, så når eg prøvde å få i meg mat, så kom det berre opp att. På slutten av løpinga handla det berre om å halde seg gåande.

Tøft opp Zombie Hill

Med seg som support hadde Blomberg Frank og Cecilie Baggen og sonen Kristian.

– I botn av Zombie Hill låg eg vel på 135. plass. Frank gjekk med meg opp heile bakken. Eg trur eg tapte åtte plassar frå botn til toppen, men eg var heilt tom for energi. Det var ikkje akkurat ein stor idrettsprestasjon det eg presterte der.

Sjå i videoen at han likevel hadde litt energi å ta ut og heldt humøret oppe då han passerte ein heiagjeng hundre meter frå toppen (foto: Frank Baggen)

God støtte og godt humør

I tilegg til støtteteamet stilte eit par kollegaer opp som heiagjeng heile vegen og familien sto på Kikut og heia.

– Kollegane mine var ivrige på å sende direkte på facebook undervegs. Frå dei fekk eg tilbakemelding om ei massiv støtte og at folk heime heia på meg. Eg må ærleg talt seie at eg blei overraska over kor mykje merksemd ein mosjonist som har som mål å bli topp 160 skulle få, men det hjalp meg til å halde trøkket og motet oppe. 

– Dessuten hjalp det til å halde humøret oppe, både tilbakemeldingane frå facebook og den støtta eg opplevde frå folk langs løypa. Det var ein grådig kjekk oppleving, sjølv om kroppen var dyktig sliten på slutten.

Fristar ikkje igjen

På spørsmål om det fristar å gjera det igjen er Blomberg klar.

– Nei, eigentleg ikkje. Det var ei artig opplevelse, men då eg kom i mål tenkte eg at dette her har eg ikkje lyst til å gjera igjen. Norseman blei eit mål då eg starta med triathlon, men no har eg gjort det. Det krev så mykje i forberedelse og ikkje minst i sjølve løpet, så det held med denne eine gangen, avsluttar Blomberg.

Fleire saker