Kultur | 30. juni 2011

- Det var kjempehøgt nivå

11 unge jenter frå Os kulturskule deltok i helga på UKM si landsmønstring i Trondheim. Dei fekk ei kjempeoppleving.

- Det var kjempehøgt nivå
Andris Hamretorsdag 30. juni 2011 07:14

Dansarar frå Os kulturskule blei plukka ut saman med åtte andre innslag frå Hordaland til å delta på landsmønstringa i Ungdommens kulturmønstring.

- Konsertane, folka og heile stemninga var utruleg bra, strålar Kristianna Moberg vel heime frå ei strålande helg i Trondheim.

Konsertar og workshops

Dei 11 jentene, saman med instruktør Patricia Langeland hadde ei givande helg.

- Vi budde i Trondheim spektrum, var med på workshops på NOVA og framsyningar i Olavshallen.

SJÅ BILDER OG VIDEO FRÅ OLAVSHALLEN (UKM.no)

- I tillegg var det ein konsert på Solsiden nede ved elva med MGPjr, ein konsert på Dokkhuset og ein festkveld i Studentsamfunnet, strålar Kristianna.

Dei 11 jentene deltok med «Ghost» til musikk av Michael Jackson.

- Kva var det kjekkeste dykk opplevde i Trondheim?

- Det kjekkeste var at alle var så utadvendte og flinke, dirfor var det alltid noko å gjera.

- Konsertane, folka og heile stemninga var utruleg bra! Og ikkje minst å danse i Olavshallen framfor masse folk, smilar Kristianna.

Potensielle kjendisar

Landsmønstringa er ikkje ein konkurranse mellom deltakarane, men meir som ein festival.

- Premien for oss var å bli plukka ut frå lokalmønstringa til fylkesmønstringa og vidare til landsmønstringa, strålar den unge dansaren.

Ho fortel at nivået blandt dei andre deltakerane var kjempe høgt.

- Alle var utruleg flinke. Det er nok mange potensielle kjendisar som viste seg fram i helga, trur Kristianna.

Held fram med dansen

No tek dansejentene ei sommarpause.

- Vi har ikkje nokon plan om framsyning akkurat no, men vi skal nok ha noko til hausten/våren, avsluttar Kristianna Moberg frå Os kunst og kulturskule.

Desse var med frå Hordaland

Frå utstillinga: Tore Thiesen frå Kvam med Entertainer, Simen Børnes frå Sund med Stein 2, Amalie Marie Oldeide frå Fjell med elite.

Frå Rock: 4ADAMAS, Anna-Christin Eskeland, Emilie Forså, Frida Hallvorsen, Tuva Føyen

Frå klassisk: Janne Merete Melhus frå Lindås med Brand New, Tiril Einarsdottor frå Stord med Allemande frå Partita i dmoll, Deekey (Daniel Andersen og Kris Andre Drageset) frå Meland med Fattigdom.
Frå film: Sverre Kvamme frå Fusa med Pikachu slår alt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.