Åsne Takle Eide har spelt samtlege minutt for sin nye klubb, Sandviken. Her då ho blei kåra til banens beste mot Kolbotn 16. mai. (Foto: Wim Hetland)

– Det var suksess å signera Åsne

Åsne Takle Eide har spelt frå start i alle Toppserie-rundane til no. Måndag 16. mai blei ho kåra til banens beste for sin nye klubb, Sandviken.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Åsne Takle Eide, som fyller 22 år i juni, gjer suksess i Toppserien i ny klubb.

Osingen var fleire år på aldersbestemt landslag før ho gjekk til Arna-Bjørnar, der ho som 16-åring fekk 18 seriekampar, 12 av dei frå start, i sin første sesong i Toppserien.

Då ho i vinter gjekk til Sandviken var det blant anna for å få meir speletid. Trass tøffare konkurranse om plassane på Arna-Bjørnar var ho i toppform då ho kom til ny klubb.

– Eg kjente Åsne frå før, både som motstandar og som tidlegare elev ved toppidrettsgymnaset Tertnes, og blei veldig glad då ho signerte hos oss, seier Sandviken-trenar Øyvind Nordtveit.

– Ho er i veldig god fysisk form, er svært treningsvillig og er veldig profesjonell i måten ho er på. Åsne har spelt alle kampane frå start, eg trur òg ho har spelt samtlege minutt til no.

Banens beste i viktig kamp

Sandviken rykte opp til Toppserien hausten 2014 og landa på 9. plass i 2015.

– Målet i år er topp 7. Til no har det vore litt stang ut, blant anna med straffebom, men 16. mai spelte vi sånn vi skal.

Motstandar var Kolbotn, som berre hadde tapt 1 av dei første 6 rundane, og blant anna slått tabelltoar Avaldsnes 3-0 og spelt uavgjort mot serieleiar Lillestrøm.

Sandviken vann 1-0 etter sjølvmål. Åsne Takle Eide blei kåra til banens beste.

– Kåringa blei tatt av ein lokal, fagkyndig jury, og var vel fortjent.

– Eg brukte Åsne i rolla ho i utgangspunktet hadde som ungdom, som kant og spiss. Då ho som var høgreback hos oss blei skadd har eg tatt Åsne på back, der er ho bunnsolid 1 mot 1 samtidig som ho også deltar mykje i angrep.

Sandviken speler også neste kamp heime. Den går mot Trondheims-Ørn søndag (kl 17).

TERMINLISTE OG TABELL

 

Fleire saker