Sport | 20. nov. 2017

– Det var surt

Nore Neset J14 hadde sjansane, men fekk ikkje ballen i mål i kretsfinalen mot Åsane.

– Det var surt
Jentene på Nore Neset var ikkje i sitt beste humør etter å ha tapt kretsfinalen for Åsane (privat foto)
Andris Hamremandag 20. nov. 2017 09:04

Nore Neset reiste til Vestlandshallen som favorittar då dei søndag spelte kretsfinale i 1. divisjon mot Åsane, men det ville seg ikkje heilt og Åsane sitt mål etter 28 minutt blei kampens einaste.

– Eg synes det er surt. Jentene hadde fortent ein siger, oppsummerer trenar Morten Døsen.

Nore Neset - Åsane 0-1 (0-1)
Nore Neset sitt lag: Anne Noss Nordvik, Inger Christine Zhen Foldrup, Thale Strønen Skeie, Kine Ullensvang Moland, Helene Søviknes, Astrid Mathilde Mjånes, Lenea Hjelle Fløysand, Malin Ludvigsen, Martine Nagelsen-Balland, Vilde Erstad Sølberg, Nora Kvinge Austevoll, Christine Ognøy Hamre, Andrine Brunvatne Kvittingen, Celina Eide Døsen, Ingeborg Hernes Leonsen, Kathrine Madelen Li.

Høge skuldre

Nore Neset visste at Åsane er veldig gode i forsvar, men hadde likevel tru på at dei skulle klare å trenge gjennom forsvaret.

– Det greidde vi dessverre ikkje. Jentene våre hadde skuldrane over ørene og var kjempenervøse. Dei gjorde ein masse småfeil som dei ikkje pleier. Åsane var bra dei, men eg følte likevel vi var bedre. Vi prøvde å spela, men fekk det ikkje til å gli. Jentane kjempa og jobba, men det ville seg ikkje.

– I første omgang hadde vi fått mål om vi hadde skote på første eller andre touchet, men vi prøvde å ta ballen med oss i staden og då blei vi låst av. På overtid i andre omgangen var kanten vår berre centimeter unna å få ballen forbi keeperen, men også den blei litt for kort, fortel Døsen.

Ein fantastisk sesong

Trass tap i finalen er trenaren godt nøgd med sesongen.

– Jentene har gjort ein fantastisk sesong, og det gjeld både første og andre laget, som vann Lagunencup sist helg. Jentene skal ha all honnør for den innsatsen dei har lagt ned.

– Det som også er veldig kjekt og gledeleg er å sjå den utviklinga som er i jentefotballen i Osbygda med Os J13 og Nore Neset J14 i kvar si kretsfinale. Det er utruleg masse flinke jenter som vi må ta vare på og stå samla rundt, så skal vi få jentefotballen på topp.

– Samstundes skal det vera plass til alle, både dei som vil trena 4-5 ganger i veka og dei som berre vil spela for gøy. Det skal vi ikkje gløyma, avslutter Døsen som har heile 29 jenter frå heile kommunen i treningsgruppa på Nore Neset.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.