Næringsliv | 27. sep. 2011

– Det viktigaste er å hjelpa

Butikken på AMFI Os er blant dei 8 beste av 360 europeiske KappAhl-butikkar.

– Det viktigaste er å hjelpa
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 27. sep. 2011 19:38

KappAhl i AMFI Os har nyleg blitt noregsmeistrar. Kjeden, som har 370 butikkar i 5 land, har hatt ei internundesøking og funne dei butikkane som har auka mest i omsetnad per snittkjøp, altså per kunde.

– Vi har alltid lagt vekt på å sjå dei som kjem inn i butikken. Mange vil ha hjelp eller tips og finn dei det dei er på jakt etter, og kanskje noko meir, så blir det også høgare omsetnad per besøk, seier butikksjef Berit Gjerstad.

– Kvart sal er ein jobb, vi kan ikkje berre stå i kassen og venta, det er ikkje god service, legg ho til.

No kan Berit og dei 9 andre tilsette kosa seg med premien, ein middag for heile gjengen på ein fin restaurant i Bergen.

Tøff start

KappAhl blei starta i Sverige i 1953 og opna sin første butikk i Noreg i 1988. Butikken i Os opna då senteret utvida i november 2006.

– Starten var veldig tøff. Men etter innkjøringsåret 2007 kom det seg og frå 2008 har pilene berre peika oppover. No går det veldig bra, seier dekoratør Bente Skar.

Skar har jobba i butikken heilt frå starten medan Gjerstad har vore butikksjef sidan 2008.

Topp 8 i Europa

I den omfattande internkonkurransen hadde KappAhl i Os på det meste ei auke på over 20 prosent frå éi veke tl neste.

– Vi blei best i Noreg og var på veg til semifinalen, men blei slått ut av ein svensk butikk som gjekk heilt til finalen, seier Berit.

Likevel, topp 8 av dei 360 butikkane som var med i undersøkinga, butikkar i Noreg, Sverige, Danmark, Finland, Tsjekkia og Polen, er gjengen i butikken på Os nøgd med.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.