Sport | 04. okt. 2014

– Det virker som om serien er over

Birkelund fortel om svak innsats etter bortetap for Odda.

– Det virker som om serien er over
Heime i vår blei det 1-2-tap for Odda (bildet), i dag tapte Lysekloster 3-0. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 04. okt. 2014 18:38

Lysekloster har tapt to av dei fire siste kampane før dagens bortekamp mot serieleiar Odda.

– Eg trur og håper vi hadde prestert betre om vi, som i fjor, hadde håp om opprykk.

– Likevel meiner eg vi bør kjempa for å avslutta sesongen på best mogleg vis, seier trenar Torbjørn Birkelund.

Odda - Lysekloster 3-0 (3-0)

Dagens kamp var noko prega av sterk vind.

– Men det var i omgangen vi hadde medvind vi fekk alle måla imot, så vi kan ikkje akkurat skulda på vêret.

– Dessverre blei det sånn at vi verken ville løpa eller klina til i duellane, og då kan du ikkje rekna med å slå serieleiaren.

Birkelund seier han ikkje kan hugsa å ha sett eige lag spela tre dårlege kampar på rad.

– No får vi bruka siste del av sesongen på å øva oss til neste år.

Neste kamp går heime mot Vard Haugesund 2, som Os spelte ein jamn og tøff kamp mot for ei veke sidan.

Kampen går søndag om ei veke (kl 16).

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.