Lokal | 01. nov. 2012

- Dette blir bra!

Sentrumsleiar Geir Amundsen strålar over dei nye infoskilta kommunen har fått. I løpet av ei vekes tid er dei på plass.

- Dette blir bra!
Geir Amundsen måtte berre innom Loops for å sjå dei nye informasjonsskilta som kjem opp i løpet av ei vekes tid (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 01. nov. 2012 15:24

Kommunen har fått mykje kritikk for mangelfull informasjon rundt parkeringsreglane i Os sentrum. Ein av dei som har vore skarp i kritikken er leiar i sentrumsforeninga Geir Amundsen som i sommar tok saka i eigne hender.

Torsdag måtte han berre innom Loops i Telthuskvartalet for å ta dei nye velkomstskilta frå Os kommune nærare i augesyn.

- Dette blir knallbra, skryt Amundsen.

Seks skilt

Kåre Mongstad hjå Loops fortel at kommunen har bestilt seks skilt som no skal opp i løpet av kort tid.

- Det kjem skilt ved Kyrkjetunet, det gamle kommunehuset, på torget, framfor rådhuset, på gjestebrygga ved Essoen og borte ved Peppes/Kaien.

- Skiltet ved gjestebrygga vil også få informasjon til båtgjestane i hamna på litt sikt, forklarar Mongstad.

Framleis gratis å parkera

Amundsen har opplevd mykje rare utsagn knytt til parkeringa i sentrum.

- Ein ting er sikkert, det har alltid vore, og er framleis, gratis å parkera i sentrum. Du kan stå i både to, tre og åtte timar.

- Med parkeringsskiva du får gratis i alle butikkane, er det berre stille ho på klokkeslettet og handla i veg. Du slepp gå ut av bilen ein regnvêrsdag for å henta ein lapp på automat. Enklare kan det ikkje gjerast, slår sentrumsleiaren fast.

- No når vi får dei nye skilta på plass er eg sikker på at vi kan gå ein triveleg og parkeringsproblemfri julehandel i møte, avsluttar Geir Amundsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.