Dette er årsaka til kokevarselet
I oktober måtte osingane koka vatnet i ei veke. I dag blei det sendt nytt kokevarsel. Kvifor?
Problem med vassinntaket i Krokavatnet, hovudvasskjelda til Os, var problemet i oktober.
Då måtte vi koka vatnet i nesten sju døgn.
I dag, tysdag 9. desember, kom nytt kokevarsel. Denne gong er årsaka ei heilt anna.
– Elektronisk feil etter vedlikehald
Måndag blei det utført vedlikehaldarbeid på pumpestasjonen på Gåssand, rett nedanfor Krokavatnet.
– Eit filter måtte skiftast. Denne pumpestasjonen er gamal, den er ein flaskehals og den skal fasast ut med tida.
– Men det er ikkje i denne stasjonen problemet ligg, fortel teknisk sjef i Os kommune, Marianne Kramer.
Mens arbeidet pågjekk blei hovudreinseanlegget av drikkevatn, Os Vassverk på Hetleflåten/Skogen, stengt av og abonnentane fekk vatn frå høgdebassenget ved anlegget.
– Då vi skulle starta anlegget igjen så fungerte ikkje det elektroniske styringssystemet som det skal.
– Det blei jobba utover natta og vi fekk systemet opp igjen, men det varte berre ein time før vi fekk problem igjen.
Mens problemet blir fiksa må innbyggarane i Os som får drikkevatnet frå nye Os Vassverk koka vatn som skal drikkast eller brukast i matlaging. Med mindre du har adresse i Lysefjorden, eller har eigen brønn, er du truleg tilknytta drikkevatnet som må kokast.
Midtsiden kjem tilbake med meir så snart Os kommune har ny informasjon.