Sport | 30. aug. 2014

– Dette er dei mest vanlege feila

Ei dryg veke før opning fortel fire velutdanna PT-ar om dei fire mest vanlege feila folk gjer når dei er på treningssenter.

– Dette er dei mest vanlege feila
Dei fire PT-ane ved Energi Trening Os. F.v.: Tobias Urne, Robin Stordal (bak), Randulf Nedrum og Anette Askvik. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 30. aug. 2014 08:48

Bildeserie:

Det komande nye apoteket får den gamle inngangen, Energi har fått ny inngang til høgre. (Foto: KVB)
Det komande nye apoteket får den gamle inngangen, Energi har fått ny inngang til høgre. (Foto: KVB)
Byggearbedet og malararbeidet er nesten ferdig. (Foto: KVB)
Byggearbedet og malararbeidet er nesten ferdig. (Foto: KVB)
Denne veka kom golvet på plass. (Foto: KVB)
Denne veka kom golvet på plass. (Foto: KVB)
Fen skjermar heng klare til å gje inspirasjon til betre form. (Foto: KVB)
Fen skjermar heng klare til å gje inspirasjon til betre form. (Foto: KVB)
Lokalet strekk seg bak Vinmonopolet og ut mot Hatvikvegen. (Foto: KVB)
Lokalet strekk seg bak Vinmonopolet og ut mot Hatvikvegen. (Foto: KVB)
Garderobane er også snart ferdig innreia. (Foto: KVB)
Garderobane er også snart ferdig innreia. (Foto: KVB)
Sånn skal senteret innreiast.
Sånn skal senteret innreiast.
1 av 7

Opprustinga av det 850 kvadratmeter store lokalet der bowlingen og filmsenteret heldt til er nesten over.

– Innreiinga startar over helga. Vi ventar på nokre møblar og har derfor ikkje kunna setja eksakt opningsdato, men mot slutten av neste veke er vi nok veldig nær, seier innehavar Fritz Warncke.

– Vi ligg langt framfor budsjett når det kjem til teikning av medlemsskap og ser veldig fram til å opna, legg han til.

Dagleg leiar er på plass, og Charlotte H. Johannesen får blant anna med seg fire personlege trenarar.

– Veldig ulik bruk

Dei fire PT-ane har god utdanning og erfaring.

Randulf Nedrum (27) frå Os, opprinneleg frå Vesterålen, har etter NTG tatt idrettsmedisin i Stockholm, Telemark og USA, Tobias Urne (20) frå Askøy har nyleg fullført AFTP-studier i Spania og Anette Askvik (26) frå Os var i fjor ferdig med bachelorgrad i idrett, fysisk aktivitet og helse i Sogndal.

– Det er ikkje berre dei som er heilt nye eller dei som vil tilbake etter skade som bruker personleg trenar. Mange opplever stagnasjon, andre vil knytta styrketrening opp mot ein idrett dei er aktive med, anten det er fotball eller padling, seier Nedrum.

Med seg har dei Robin Stordal (25), som har jobba som PT frå han var ferdig med utdanninga si i 2008, og som frå starten i 2010 har jobba for Warncke.

– I starten var alle PT-ane frilansarar. Sånn er det ved fleire sentre. Men vi la om og samla alle i ei gruppe som jobbar saman, som drar nytte av kvarandre, driv erfaringsutveksling og hjelper kvarandre med kundane.

– Enkelte kundar passar betre med éin person enn ein annan. Vi har litt ulike spesialfelt, i tillegg er det greit å la ein kollega overta, om kunden finn betre kjemi med denne, seier Stordal.

Ei luksusteneste?

Å driva med trening av styrke og mosjon på apparat på treningsenter er gjerne ei individuell oppgåve.

Men Nedrum fortel at kundar kan bruka frå 2000 til 40.000 kroner på å ha med seg ein personleg trenar.

– Er det å bruka instruksjon på denne måten luksus meint for nokre få?

– Nei. Det er veldig ulikt kva grad folk vil ha instruksjon, vegleiing og oppfølging. Det startar med pakkar frå 5 til 30 timar. Nokre vil berre koma i gang eller ha eit nytt program, andre vil ha ein som er med på for eksempel to av tre økter i veka gjennom ein lengre periode.

– Eg har til og med hatt ein som leigde meg med for å stå på ski. Det blei instruksjon som gjekk på dette med kroppshaldning og muskelbruk, men det var nok også for å gjera noko anna i lag, for litt variasjon.

Kunnskapsrike kundar

Dei fire PT-ane på Energi Trening Os fortel også om erfaring med veldig bevisste kundar.

– Mange kan mykje, både om trening og om ernæring. Veldig mange av spørsmåla handlar om kosthald og om mengde sett og repetisjonar, fortel Anette.

Ho har tilleggsutdanning innan ernæring.

– Det blir ofte erfaringsutveksling med kundane òg, det er ikkje alt det er éin fasit på.

Fire vanlege feil

På spørmål om dei vil fortelja kva medlemmar på treningssentre oftast gjer feil, ramsar dei fire opp desse punkta.

1. Dei les seg opp på informasjon på feile plassar. Det finnest mange aviser og forum der påstandar om trening og mat ligg presentert som fakta.

2. Feil teknikk. Trener du feil kan det gje både lite effekt og høg risiko for skade.

3. For lite variasjon. Enkelte kan trene det same programmet i årevis, også etter at framgangen forsvann.

4. Intensivitetsgrad. At du har vore 2-3 timar på treningssenteret treng ikkje bety at du har hatt ei god økt. Kvaliteten på treningsøkta er avgjerande.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.