Fotball | 28. juli 2019

– Dette er fantastisk laginnsats!

Os låg under to gongar - innbytar Sander Fagerbakke Kvittingen vart matchvinnar då Os slo Vard Haugesund 3-2

– Dette er fantastisk laginnsats!
1-2 Osablod!!! Nøgde Os-herrar i garderoben etter å ha senka Vard Haugesund 3-2 på bortebane. (Privat foto)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighsøndag 28. juli 2019 19:33

Os startar haustsesongen mot tre topplag. Førre helg tok dei eit velfortent og viktig poeng heime mot serieleiar Djerv 1919, i dag vann dei 3-2 borte mot tabelltoar Vard Haugesund.

Jamnt til pause

Til pause var stillinga 1-1 etter at Vard Haugesund først tok leiinga i det 8. minutt.

I det 37. minutt utlikna Torgeir Lunde for Os.

Innbytarar avgjorde

Andre omgang var ikkje meir enn sju minutt gammal før Vard Haugesund på ny gjekk opp i leiinga.

I det 71. minutt sette Robert Blokhus Ekeland inn ei straffe for Os og det var på ny uavgjort på Haugesund Stadion.

Trenar Endre Brenne fortel til Midtsiden at han før kampen kampen hadde mana Os-spelarane til ikkje berre spela for eit heiderleg resultat, men å tenkja at «vi kan slå kven som helst, og vi kan sjølvsagt slå Vard Haugesund!»

To innbytarar, Sander Fagerbakke Kvittingen (inn i det 61. minutt), og Fabian Bødtker (inn i 89. minutt) tok denne utfordringa på strak arm, og i det 90. minutt la Bødtker opp til at Kvittingen vart matchvinnar med å sikra 3-2 siger til Os.

– Det vi gjorde i Haugesund i kveld er rett og slett fantastisk laginnsats, og det på bortebane, fortel ein nøgd - og tydeleg stolt Brenne.

Vard - Haugesund - Os 2-3 (1-1)

Målskårarar, Os: Torgeir Lunde, Roger Ekeland, Sander Fagerbakke Kvittingen

Os: Chris Sunde Midtun
Jonas Fagerbakke Hovland
Vegard Strønen Skeie
Rune Åsheim Mo
Anders Havsgård
Rafael Villen
Marius Mikkelsen (K)
Steffen Kvamsdal
Torgeir Lunde
Mats Cato Moldskred
Roger Ekeland

Innbytarar: Sander Kvittingen (inn for Vegard Strønen Skeie 61.) Fabian Bødtker (inn for Rafael Villen Villen 89.)

Os speler neste kamp heime mot Fana førstkomande laurdag (kl 15).

Tabell og terminliste

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.