Kultur | 08. mai 2020

– Dette er folket sitt

Trine Lindborg kunne stolt visa fram det nye ordførarkjedet til Bjørnafjorden kommune under dagens markering i Minneparken.

Ørjan Håland
Ørjan Hålandfredag 08. mai 2020 08:12
  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Under dagens markering av frigjerings- og veterandagen i Minneparken vart det nye ordførarkjedet til Bjørnafjorden kommune tatt i bruk.

– Det er ikkje lenge sidan det var ferdig laga, og dette er det første offisielle oppdraget vi tar det i bruk på. Det er sjølvsagt stas, seier ordførar Trine Lindborg.

Personleg synast Lindborg at kjedet kler den nye storkommunen.

– Det har nok vore mange diskusjonar i fellesnemda om kordan dette kjedet skulle sjå ut, og eg er glad eg ikkje var med i dei diskusjonane. Eg synest det er eit veldig fint kjede, og det er gjort eit flott arbeid.

Både kjedet og kommunevåpenet er teikna og laga av gullsmed Johan D. Eide. Faren hans, Johan D. Eide senior, teikna Os sitt kommunevåpen i 1949, og laga òg kjedet som var i bruk ut 2019.

Folket sitt

At Lindborg i dag vart historisk med det nye kjedet, var ikkje noko ordføraren hadde tenkt så mykje på.

– Eg skal bruka det med klokskap, men det er ikkje mitt. Dette tilhøyrer kommunen og innbyggarane i Bjørnafjorden, avsluttar Lindborg.

Trine Lindborg opna og avslutta dagens markering i Minneparken. (Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)
Trine Lindborg opna og avslutta dagens markering i Minneparken. (Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.