Lokal | 03. juni 2010

- Dette er hærverk!

- Eg kan ikkje sjå at noko er stole, men dei har romstert på noko heilt enormt, seier Bjørn Orrebakken om innbrotet han blei utsett for i natt.

- Dette er hærverk!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 03. juni 2010 10:44

Os Sandblåsing i Ulvenvegen blei i natt utsett for innbrot.

- Vi har hatt innbrot fleire gongar før, men det har aldri sett sånn ut som i dag. Papir i skrivarar er slengt ut og cd-ar er kasta ut vindauge, men pc-skjermar og anna har fått stå i fred, seier dagleg leiar Bjørn Orrebakken.

Hjulspor og stige
Den eller dei som står bak innbrotet har prøvd å koma seg inn i andre etasje frå framsida av bygningen.

- Sjå her, dei har prøvd å bryta opp døra og dei har tatt ein stol oppå eit bord og truleg stått på denne for å prøva å sparka inn ruta, seier Orrebakken og viser.

På baksida av bygningen står ein stige opp til eit ope vindauge. Vindauget har truleg stått ope, og det er nok her dei har kome seg inn.

Ved stigen ligg ein haug med cd-ar. Det er også ferske spor etter ein bil.

Tømte safen
Kontora til Os Sandblåsing ser ut som ei slagmark. I ei skuff på den eine pulten har dei funne nøkkelen til safen, og denne er tømt. Men innhaldet ser ut til å ligga igjen i og utanfor bygningen.

- I safen var det berre nokre papir og cd-ar og diskar med backup. Nokre av desse ligg slengt andre plassar i bygningen, som ute i gangen.

- Finn neppe syndarane
Det var i 9-tida i dag, då dei tilsette ved industribedrifta gjekk opp i kontoretasjen for å eta frukost, at innbrotet blei oppdaga.

- Då ringte dei til meg. No ventar eg på at politiet skal koma, for eg får ikkje gjort noko før dei har vore her og sikra spor.

Bygningen har alarm innstallert, men denne var det tull med, så då blei den kopla ut.

- Dette er nok ei vanskeleg sak å etterforska, politiet finn nok neppe syndarane.

- Men det var ein gong vi hadde innbrot at tjuvane avslørte seg sjølv. Den eine av dei hadde mista mobiltelefonen sin medan han var i bygningen, så då blei jobben enkel, ler Bjørn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.