– Dette er ingen festival
Bergensavisen skriv i dag om ein hemmeleg hippiefestival i Os. – Det er berre ein bursdagsfest med ein del dj-ar og artistar blant dei inviterte, seier bursdagsbarnet.
På framsida av BA i dag, og på BA.no, kunne vi i dag lesa om ein hemmeleg hippiefestival i Os.
BA hadde ringt politiet i Os, som ikkje hadde høyrt om festivalen.
– Vi har god dialog med alle andre festivalarrangørar i Os, men desse har vi ikkje høyrt ifrå. Men vi var utom i går og fekk ein prat med arrangøren og kjem til å halda eit auge med dei gjennom helga, seier politioverbetjent Terje Sperrevik til Midtsiden.no.
Festen er på ein gard i ein krins i Os denne helga.
– Dårleg av BA
Arrangøren seier det aldri har vore snakk om ein festival, men ein privat bursdagsfest med ein del artistar blant dei inviterte.
– Eg synes vinklinga til BA er heilt forferdeleg, eg skjønar verken kvar dei har det ifrå eller kven dei har snakka med, seier bursdagsbarnet til Midtsiden.
– Eg har kontakta advokat og kjem til å følgja opp saka, legg han til.
Spleiselag med camp og kafé
Arrangøren fortel at han held festen på eigen eigedom, eit romsleg gardsbruk, og at han har invitert mange venar.
– Kor mange vi blir veit eg ikkje, det kan bli 40 og det kan bli 100. Det kjem også familiar som bur i lavvo.
Scenen er nesten ferdig rigga og dei ti første gjestane er på plass. Politiet har også vore utom fredag kveld.
Det er lagt opp til ei helg med camping og fest fredag og laurdag.
– Du burde ikkje ha kontakta politiet på førehand, med utandørskonsert og fest av denne storleiken?
– Nei, det har eg ikkje tenkt på ein gong. Det er ein privat fest på ein stor eigedom og vi har ikkje sal av alkohol. Alle som kjem puttar litt pengar i potten, men det er for å spleisa på anlegg vi har leigd inn.
– Men du forstår at det ut frå plakaten ser ut som ein festival?
– Eg er DJ og fleire av dei inviterte er DJ eller musikarar, og vil derfor bidra med å spela. At vi lager ein invitasjon med ein fancy plakat betyr ikkje at det er noko meir mystisk enn ein stor og forhåpentligvis innhaldsrik fest.