Lokal | 07. apr. 2010

Dette er nytt

I går ettermiddag publiserte vi ny versjon av Midtsiden.no. Her er noko av det som er nytt.

Dette er nytt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. apr. 2010 07:46

I april i fjor lanserte vi ny versjon av Midtsiden.no, då med store endringar. No har Morten Nicolay Nielsen tatt Midtsiden eit steg vidare, framleis med Drupal som content management system (CMS).

Her er dei viktigaste endringane på sida som, litt i rykk og napp, blei publisert tysdag 6. april:

Framsida:
• Heile sida har blitt breiare, frå 950 pikslar til 996 pikslar, slik at det blant anna har blitt plass til to bannarar i toppen.
• Sida har fått ny font.
• Tips-oss har fått eigen knapp øvst på sida.
• Øvste artikkel har fått ingress på framsida, tidlegare viste berre overskrift.
• Vi har færre sakar på framsida, men fleire store bilde til sakane nedover på sida.
• Midtsiden.no er no raskare å lasta/lesa.
• Vi har fått bannar-plass ved sida av toppsaken.
• Ved sida av toppsaken har det også kome plass til manuelt å plassera to sakar som redaksjonen meiner er aktuell over litt tid.

Ny meny:
• Blogg er fjerna, då den ikkje var i bruk. Denne kan koma tilbake i forbetra versjon.
• Menyen har fått undermeny, og kvar kategori har no opplisting av sakar med bilde. Dei fire ferskaste sakene vekslar i toppen.
• Vi har også fått integrert vêrmelding for Osøyro, frå yr.no, med detaljert varsel og radarbilde.

Ny artikkelvising
• Artiklane blir no vist i smalare felt, med høgremarg for plassering av bannar, 3-4 tilleggsbilde, merking i Google Map med meir.
• Artiklar med bildeseriar har bildeserien øvst under hovudbildet.

Ny søkefunksjon:
Vi har installert Acquia Apache Solr Search, som gjev raskare og meir relevante treff. Midtsiden.no er i vekst og har allereie over 8000 artiklar i databasen.
• Når du søker på noko på Midtsiden.no får du no fleire treff. Desse kan sorterast etter år, månad og/eller kategori.
• I artiklane finn du no både relaterte saker, som vi vel manuelt, og liknande saker, som den nye søkefunksjonen leitar fram.

Vi har fleire planar for vidareutvikling av Midtsiden.no.
Har du tips eller ønskje send epost til kjetil@midtsiden.no.

I mellomtida, prøv ut kategoriane, søk etter noko som interesserer deg og sjekk vêrmeldinga:-)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.