– Dette hjelpte på humøret!
Søre Neset vann 3-1: Vidar Bahus sitt mannskap med etterlengta siger.
Søre Neset, som har kjempa i toppen av 5. divisjon dei siste åra, fekk ein dårleg start med tap i dei to første rundane.
Men etter 0-4 heime for Olsvik og 1-4 borte mot NHH tok dei i går sesongens første poeng og første siger med Vidar Bahus som trenar.
Søre Neset - Lyngbø 2: 3-1 (1-1)
Målskårarar, Søre Neset: Lars Martin Høyvik, Thomas Bahus og Remi Lindborg.
– Det var godt med ein siger no, dette hjelper p�� humøret til gutane, seier Bahus.
I førre veke hadde han spelarmøte med gruppa.
– Vi hadde ein runde der alle fekk seia det dei ville, og der vi tok ein diskusjon om kva vil vil vidare. Oppmøte på trening og kamp, og kommunikasjon med kvarandre, var hovudtema.
Gav resultat
Søre Neset sin stall er på rundt 20 spelarar, men fleire av dei er opptatt i periodar, blant anna med jobb offshore.
– Då blir det fort tynt i rekkene, og det er stor forskjell på å vera 14 mann på trening og 8 mann.
– Stiller gutane opp for kvarandre så får vi løfta oss litt, og allereie etter møtet verka det som om gruppa kom seg veldig og vi fekk nokre fine treningar før kampen i går.
Snudde kampen
Bortelaget starta kampen best og skåra det første målet.
– Men vi overtok og utlikna før pause. I andreomgang var det vi som skapte mest og tok ein fortent siger, meiner trenaren.
Møter Os 2 i juni
Søre Neset speler heime også i neste runde, mot Kjøkkelvik måndag om ei knapp veke.
Dei skal også spela mot Os 2 denne sesongen, første derby blir på Kuventræ fredag 22. juni.