Arne Monsen (i svart) fotograferte den historiske hendinga i Rådal i dag. (Foto: KVB)

– Dette måtte eg ha med meg

I fjor reiste han til Oslo for å sjå vedtaket bli fatta på Stortinget, som einaste osing i salen. I dag var Arne Monsen vitne til første spadetak på E39 Svegatjørn Rådal.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

– Dette måtte eg berre ha med meg, sa Arne Monsen på plass i Rådal under første spadetak på E39 Svegatjørn - Rådal i dag.

Det same sa han tysdag 18. november i fjor, då vedtaket blei fatta i Stortinget med 81 mot 4 stemmer.

Då saka kom opp som sak nummer 8 klokka 13:52 sat det éin osing i salen.

Les òg: Reiste éins ærend til Oslo

– Det er ikkje som varabrannsjef, men som privatperson og tidlegare lokalpolitikar eg engasjerer meg.

Trudde dei skulle få det til på 80-talet

Monsen sat i kommunestyret for Os Ap frå midten av 80-talet og to periodar.

– Den gong heitte det riksveg 14, og vi følte vi var i ferd med å få til noko den gong òg.

Han hugsar dei sju alternativa og han hugsar motstanden blant innbyggarane på Søfteland, som ikkje ville kopla seg til ny E39.

– Dei angrar kanskje i dag, men det kjem vel ei tilkopling med tida. Uansett gler eg meg veldig over at det no endeleg er i gang.

– Vi får kort veg til Bergen og det blir kort veg til Os. Eigedomsmeklarar eg har snakka med meiner fleire område vil merka verdiauka på einebustadar på opptil ein million kroner når vegen står ferdig. Prosjektet får mykje å seia for mange.

 

Fleire saker