– Dette tek ressursar
Nye lyktestolpar på Telthusplassen fekk ikkje stå lenge i fred.


27. juni 2009 vart ein ny og oppgradert Telthusplassen opna.
Bakgården i Os sentrum fekk lagt ned dekke i stein, og i Baronselva hadde arkitekt Ulf Røstøen frå Arkitektkontoret Ulf Røsten AS teikna inn sylinderforma steinar som unge og vaksne kunne hoppa på.
Med åra har det vore både konsert og skeisebane på Telthusplassen, men området har òg vore prega av hærverk.

Nye lys fekk stå i fred i knappe fire veker
18. februar i år monterte Bjørnafjorden kommune nye lys på Telthusplassen.
Ansvarleg vaktmeister for plassen er Kjetil Helgesen.
I går oppdaga Helgesen at ein av dei 14 nye lampane hadde blitt utsett for hærverk. Lampen er regelrett knekt sidevegs, og virkar ikkje lenger.
– Telthusplassen er ein av plassane eg har ansvar for, og eg må innrømma at eg vart skuffa då eg såg kva som hadde skjedd.
Ein ironisk Helgesen fortel at mellom vaktemeistrane vart det vedda om kor lenge lysa fekk stå i fred.
– Vi vart vel samde om at dei nok ville få stå i fred til utelivet opnar opp att for fullt, men som du ser tok vi feil der.

Tek ressursar
Helgesen fortel at lyset som no ligg nede vil bli fiksa, men han er uroa over ressursane som må til for å retta opp skaden.
– Ikkje berre må eg bruka tid på dette, vi må òg ha inn elektrikar for å kopla opp att lampa. Alt dette, både tid og pengar, er ressursar som kunne blitt brukt andra stadar.
Helgesen vil ikkje spekulera i kven som står bak det siste hærverket på Telthusplassen, men han håpar at han slepp å måtte montera lysa på nytt fleire gongar.
– Saka er ikkje meldt til politiet, men det er ikkje til å stikka under ein stol at vi ofte finn døme på slikt hærverk etter at det har vore helg.

Ein ressurskrevjande plass
Avdelingsleiar på Eigedom og elektro i Bjørnafjorden kommune, Torunn Paus, deler Helgesen sin frustrasjon i dag.
– Vi har i ei årrekkje hatt store, og i mine auge, unødvendige utgifter knytt til Telthusplassen. Dei førre lampane som stod på plassen var noko lågare, og eg har ikkje tal på kor mange gongar desse vart sparka i stykker.
– Kvar gong kosta det kommunen 8.000-9.000 kroner å fiksa dei, og då vi på slutten av 2020 valde å gå for ei anna løysing med høgare lampar, trudde, og håpte vi at hærverket kanskje ville gje seg. Då er det sjølvsagt både trist og frustrerande å sjå at problemet held fram.
– Kommunen er i ein situasjon kor det må sparast om dagen, og eg kan rett og slett ikkje forstå at ting som er meint for å gjera livet i Bjørnafjorden betre å leva, regelrett blir øydelagt på denne meiningslause måten. No går det nok nye 5.000 kroner for å få liv i denne lampa, noko som burde vera heilt unødvendig.

Ein ekstra engasjert vaktmeister med Instagram-konto
Helgesen er gjerne ikkje heilt som alle vaktmeistrar.
Til intervjuet på Telthusplassen hadde han teke med seg ei rose for å heidra den «falne» lampen.
– Eg brenn for jobben min, og eg brenn for å tilretteleggja og ordna for andre.
Helgesen har faktisk oppretta ein Instagram-konto kor han deler kvardagen som vaktmeister for Bjørnafjorden kommune. Til dømes får stadar kor han opplever blir utsett for hærverk ei lita helsing i form av ein gul merkelapp med lenkje til Instagram-kontoen.
– I ei sak som denne kan det vera greitt å hugsa på at i andre enden av eit hærverk er det alltid ein person som må bruka av tida si på å ordna opp.
Paus gler seg over Helgesen sitt engasjement.
– Kjetil er eit funn av ein vaktmeister! Han er ei solstråle som fargar opp kvardagen til alle kollegaane sine, om det er er med kreative dikt eller via Instragram-kontoen sin.
