Kultur | 11. jan. 2011

- Dette var fantastisk

- Dei kjem til nytte, var den umiddelbare reaksjonen frå Glenn Erik Haugland då Havfest fekk 200.000 kroner frå Sparebankstiftinga DnBNOR.

- Dette var fantastisk
Andris Hamretirsdag 11. jan. 2011 14:47

Tysdag morgon fekk folka bak Havfest, opningsforestillinga til Oseana, overrekt ein sjekk på 200.000 kroner frå Sparebankstiftinga DnBNOR av banksjef Trygve Amundsen.

- Det er det største beløpet eg har fått gleden av å dela ut, seier Trygve Amundsen.

Tidlegare har mellom anna Lysøen, Os og Kuventræ skulekorps og Oselvarverkstaden motteke bidrag frå stiftinga.

Havfest/Opera Omnia var eit av 129 formål som fekk tildelingar frå Sparebanksstiftinga ved denne utdelinga. Totalt kom det inn 850 søknadar frå heile landet. Dei fleste tildelingane låg mellom 25 og 90 tusen kroner, men òg nede i 8.000 og oppe i 4 millionar.

- Frå Os fekk vi inn 12 søknadar frå alt frå snowboard og sekkepipe til Havfest og andre kulturformål, fortel banksjefen.

Omlag 6-700.000 kroner blei det søkt om frå grasrota i Os.

Eit viktig bidrag
For Opera Omnia og Havfest var pengane eit kjærkommen tilskott til forestillinga.

- Vi har eit totalbudsjett på omlag 2,5 millionar, så 200.000 frå Sparebankstiftinga kjem godt med, fortel produsent Lisa Nøttseter.

- Eg kjenner ei stor ære i å motta desse pengane. No skal vi freista å omsetta dei til ein opningsfest som mange kan få glede av, supplerar komponist Glenn Erik Haugland.

Prøvesynging neste helg
Havfest skal bli ein folkeopera, eller musikkteater om du vil, kor profesjonelle, semiprofesjonelle og amatørar står saman på scena i Oseana.

- Forestillinga er enno ikkje ferdig skriven. Vi skal ha prøvesynging i Fjellheim laurdag 22. og sundag 23. januar, så då vil vi skrive ferdig rollane når vi veit kven som får dei, forklarar manusforfattar Heidi Tronsmo.

Ho oppmodar alle som har lyst til å stille i Fjellheim om å gjere nettopp det.

- Eg håpar folk tek sjansen på å vise seg fram. Vi har mellom 25 og 30 roller som skal besettast med lokale krefter. Om du er ung eller gamal speler ingen rolle. Ikkje treng du å synge opera heller.

Meir informasjon om prøvesynginga finn du på havfest si heimeside.

Ny frist 15. februar
Sparebankstiftinga DnBNor deler ut 25% av utbytte dei får som største eigar i DnBNor-konsernet til almennyttige formål. Utdelinga er to gangar i året.

- Prioriterte områdar ved tildelingane i 2011 er kulturminner og Ut i Naturen, seier Amundsen.

- Fristen for å søka på første tildelinga i 2011 er 15. februar. Søknaden gjer du elektronisk på sparebankstiftelsen.no, avsluttar banksjef Trygve Amundsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.