Lokal | 19. juli 2020

– Dette vert frykteleg dyrt

Politi og Brannvesen slit med at folk sleng frå seg båtar rundt i bygda vår.

– Dette vert frykteleg dyrt
Denne kvite båten havna under vatn og må hevast av Brannvesenet. (Foto: KVB)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandsøndag 19. juli 2020 09:58

Over lengre tid har det lege ein kvit båt på Halhjem fergekai. Den gikk ned for ca. éi veke sidan. Klokka 14:00 på laurdag mottok politiet melding om oljelekkasje frå denne båten. Politiet kjem til å anmelda båteigar etter forureiningsloven.

– Vi rykka ut saman med brannvesenet. Brannvesenet la ut lensar for å begrensa forureininga. Han har fått mange moglegheiter til å fjerna båten, og mange moglegheiter til å hindra den i å synka. Han har ikkje tatt det ansvaret. Når båten no hevast, vert det på hans eiga rekning, seier politibetjent Sindre Lekven Hallem.

Denne båten havna under vatn og må hevast av Brannvesenet. (Foto: KVB)
Denne båten havna under vatn og må hevast av Brannvesenet. (Foto: KVB)

Dyr rekning

Brannvesenet vil også truleg sende vedkomande rekning for sine utgifter. I tillegg kan han truleg venta seg eit førelegg frå politiet.

– Totalt vert dette frykteleg dyrt. Vi slit med at folk sleng frå seg båtar rundt i bygda vår. Det hadde vore betydeleg billigare for eigar å få ein kranbil til å køyre båten til vraking, seier Hallem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.