Næringsliv | 04. mars 2011

Diddy blir større

Diddy Toys har fått godt fotfeste i Os. No flyttar dei til større lokale.

Diddy blir større
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 04. mars 2011 14:17

I dag fylte Diddy Toys handekorgene og trilla varene frå eksisterande lokale på 150 kvadratmeter til det 224 kvadratmeter store lokalet som VIC flytta frå for om lag ein månad sidan.

- Lokalet vi hade, ved kafeen og Cubus, var veldig bra. Men eg ser på dette som det beste lokalet i etasjen, seier butikksjef Nina Klett Døsen.

- At vi no får lager vegg i vegg, betre plass til varene og endå større golvplass blir luksus.

Ny butikk på veg inn

Flyttearbeidet til Diddy held fram ut dagen og morgondagen, men allereie frå i morgon reknar dei med å ha kassen på plass i det nye lokalet.

I lokalet dei flyttar frå er ny butikk på veg inn, men senterleiinga vil førebels ikkje ut med kven det er.

Fekk fotfeste i ein fei

- Vi fekk ein knallstart og det heldt seg oppe også etter julehandelen, som vi meir eller mindre gjekk rett inn etter opninga 1. oktober 2009, seier Grethe Davidsen.

Saman med ektemannen Vidar eig ho den vesle Diddy Toys-kjeden som også inkluderer butikken på AMFI Os. Starten blei vellukka og då dei kom til samanliknbare veker på tampen av 2010 og utover 2011 låg dei i fleire veker 30 prosent over tilsvarande veke året før.

Trendye osingar

Davidsen gjev butikksjefen Nina æra for den positive utviklinga på Os.

- Nina har fått heile ansvaret, å frakta varer til butikken er nesten det einaste vi gjer.

Butikken på Askøy og butikken på Os er ganske ulike i kva dei sel.

- Osingane ser ut til å vera frampå med alt som er nytt. Silly Bands (gummiarmband), Tech Deck (finger-skateboard) og Zhu Zhu, og Beyblade, som nyleg har gjort comeback, går tidlegare og fortare ut dørene på Os enn på Askøy, innrømmer innehavaren.

Kjeden spreier seg til Oslo

- Butikken på Os var vår tredje. Den første butikken vår, på Askøy, blei utvida til 350 kvadratmeter i slutten av 2009. De vi hadde i Oasen blei nettopp avslutta, men i slutten av mars opnar vi ein 450 kvadratmeter stor butikk nær Sandvika Storsenter.

- Senteret har dobbelt så stor omsetnad som Lagunen, så det blir ein spennande vår for oss på Austlandet, seier Grethe.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.