Lokal | 23. mai 2017
Difor blei det flagga på halv stang
Tidlegare ordførar Erling T. H. Lunde blei gravlagt tysdag.
Andris Hamretysdag 23. mai 2017 11:00
Utanfor dei kommunale bygga blei det tysdag flagga på halv stang.
– Grunnen er at tidlegare ordførar Erling T. H. Lunde blir gravlagt i dag, fortel rådmann Christian F. Fotland.
Lunde blei stedt til kvile frå Os kyrkje. Ordførar Marie Bruarøy representerte kommunen og held ei minnetale i kyrkja. Kommunen minnast òg den tidlegare ordføraren med ein krans.
Erling T. H. Lunde var ordførar i perioda 1972-1975. Han representerte Kristeleg Folkeparti.