Diggi-Loo Diggi-Ley
Når Os ungdomsskulekor går på scenen i Fjellheim får vi høyra høgdepunkt frå Grand Prix som "Fångad av en stormvind", "Beg steal or borrow" og "Hold on, be strong".


Melodi Grand Prix er tema for årets oppsetning av ungdomsskulekoret. Sidan sommaren har koret øvd på klassikarar som "Beg steal or borrow", "Fångad av en stormvind", "Ding a dong" og "Love shine a light".
Ikkje berre er det øvd på song og trestemt song, elevane har også brukt mykje tid på å få inn rørslene som høyrer med dei ulike kjente grandprixsongane.
Kanskje hugsar du svenske "The Herreys", med "Diggi-Loo Diggi-Ley"? Ikkje lett å synga medan du etterliknar originalartistane si framføring.
Det er også plass for smektande balladar, og koret framfører ein nydeleg versjon av vinnaren frå 1996 "Rock´n roll kids".
Alle som har lyst, får vera solist i koret og det er utruleg mange gode stemmer. Kanskje kan publikum oppdaga ei ny "stjerne"?
I tillegg vil det kvar av kveldene dukka opp gjestar. Dette er tidlegare elevar som har sett sitt preg på ungdomsskulekoret, og har utvikla stemmene sine vidare sidan ungdomskuletida.
Sundagen får du for eksempel høyra ein fantastisk versjon av Anita Skorgans "Oliver". Og ja, - det blir norsk også. "La det svinge" er sjølvsagt med , pluss et lengre potpourri med låtar av Mr. Grand Prix sjølv, Jahn Teigen. "Mil etter Mil" og "Optimist" med fleire.
Eit 5-manns orkester er med, saman med gode hjelparar på lyd og lys. Terje Neset og Anne Leni Sæbø har skrive arrangement og øvd inn det musikalske.
Dersom du har lyst til å få bli kjent med litt av historia til Melodi Grand Prix er dette eit glimrande høve. Dersom du er vel kjent med Grand Prix, er det kanskje duka for ein mimrekveld.
Fjorårets vinnarlåt "Hold on, be strong" er sjølvsagt med. Vi kan lova deg ei triveleg stund med mange høgdepunkt, og ønskjer alle vel møtt.
Terje Neset
Showet går førstkomande helg, fredag kveld (18.30) og sundag ettermiddag (17.00) i Fjellheim. Billettar blir selt på Musikkverket og i inngangen.