Lokal | 17. des. 2018

Direktesendt kommunestyremøte i morgon

Kommune-TV: Årets siste kommunestyremøte kan du sjå på oskommune.no eller Midtsiden.

Direktesendt kommunestyremøte i morgon
Tysdag ettermiddag kan du sjå direktesendt video frå fleire kamera i kommunestyresalen. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 17. des. 2018 14:08

Tysdag klokka 17 startar årets siste møte i Os kommunestyre.

Etter vedtak i september har det blitt jobba med å få utstyr og system rigga for direktesending av kommunestyremøta, og no skal alt vera klart.

– Vi vil etter planen gå på lufta i morgon, fortel rådgjevar og saksbehandlar Andris Hamre i ein epost i dag.

Sendinga går på oskommune.kommunetv.no frå møtestart klokka 17.00.

Lokalavisene har fått kode til å integrera sendinga på eigne sider - dermed kan du òg sjå sendinga her på Midtsiden.

Der kan du følgja debatten direkte eller sjå delar av sendinga i opptak i etterkant. Kvar sak vil bli «tidsstempla», så du i etterkant kan gå direkte til den saka du vil sjå diskusjonen om.

På sakskartet står mellom anna:
• Budsjett for 2019 og økonomiplan for 2012-2022
• Sak om nytt parkeringshus
• Familiens hus
• Fysisk aktivitet og friluftsliv: handlingsprogrammet for 2019

Oskommune.no: Saksliste med dokument til kvar sak

Det er montert fleire kamera i kommunestyresalen:
• Mot talarstolen
• Oversiktsbilde over salen
• Kopla på projektor - om noko blir vist på skjerm

Du som sjåar kan sjølv velja kva kamera du vil ha på din skjerm.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.