Sport | 16. aug. 2009

Diska i VM

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 16. aug. 2009 21:53

Kjersti hadde planar om å avslutta karriera etter OL-sølvet i fjor, men bestemte seg så for å gå for medalje i årets friidretts-VM i Tyskland.

- Eg ville vinna. Derfor tok jeg sjansen på å gå med russarane. Så blei det litt for fort, sa Kjersti til Aftenposten.no etter at ho fekk sitt tredje kort og blei diskvalifisert 3 km før slutt.

- Det var betre å slutta etter å ha prøvd å bli verdsmeister enn å ligga bak og håpa at nokon skulle sprekka, meiner ho.

Erik imponerte
Erik Tysse fekk ein glitrande start på VM. Laurdag gjekk han i mål på 20 km på tida 1:20:38, godt nok til 7. plass. Dette er både den beste tida og den beste plasseringa Erik har hatt i VM og OL på denne distansen, skriv friidrett.no.

I OL i Beijing i fjor blei Erik nr.21 på 1:22:43, og i VM i fjor hamna han på 13. plass.

Erik går 50 km seinare i meisterskapen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.