Lokal | 05. aug. 2018

Dobbel redningsaksjon på Tøsdal

To turgåarar, ein av dei på Linken, ein annan på Tøsdalsfjellet, låg skadd i fjellet.

Dobbel redningsaksjon på Tøsdal
To ambulansar og to bilar frå Os brannvesen er på plass på Tøsdal. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 05. aug. 2018 16:34

Bildeserie:

1 av 2

Søndag i 17-tida rykte ambulanse og brannvesen ut til Tøsdal.

– To turgåarar har ramla, begge er for skadd til å ta seg vidare på eigahand, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

Den eine skal ha vore på Tøsdalsfjellet, den andre skal ha vore på veg ned frå Linken, som ligg nær Tøsdalsfjellet.

To kvinner

Vitne på parkeringsplassen på Tøsdal fortel at éin av dei skadde er ei kvinne i 40-åra frå Os,som var åleine på tur.

Den andre skal vera ei kvinne frå Austerrike.

I 17.30-tida fortel brannsjefen at begge er funne.

– Vi har delt vaktlaget i to. Begge er på veg ned med kvar sin turgåar, men det tar tid.

Bratt nedtur

– Det var ikkje vêr for luftambulansen å fly, det gjorde at vi måtte til fjells og bera på gamlemåten.

Ambulansepersonell, to frå Os og to frå Fusa, gjekk saman med frå brannvesenet til fjells.

– Dei som kjenner turterrenget på Linken og vidare til Tøsdalsfjellet kan sikkert sjå for seg at det var ein bratt og krevjande tur med båre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.