Kultur | 16. apr. 2010

Dobbel rockefredag

På Bar2Be skal fire band på scenen, i Kyrkjetunet endå fleire. Laurdag byr Peppes på blues.

Dobbel rockefredag
Gjestfredag 16. apr. 2010 12:27

I helga blir det med andre ord høve til å få med seg eit breit og variert musikktilbud på Os.

Rockegalla på Kyrkjetunet
Fyrst ut er Fredagsklubben i Kyrkjetunet kor ungdommane inviterar til Rockegalla 2010. Ungdommane har ordna det meste frå lys og lyd til lasere og røykeffektar sjølv. Heile åtte band skal på scenen i løpet av det rusfrie arrangementet som går frå kl 19 til 23.

Banda er: Ondt I Hode, Nærmest Nødvendig, Ondt I Ryggen, Pink Disease, De Mentalt Ukonsentrerte, Port Royale, ACID og Barbie Dolls.

Første band begynner å spille kl. 1900, så vær tidlig ute for det kan være din favoritt;)
Entrè: 50 kr uansett hvor lenge du blir

Metal på Bar2Be
Claymords og Kraken teamer opp nok ein gong for å få fart på bangemusklane. Det er fyrste gongen på Os.
Claymords har nettopp gjeve ut plata 'Theories written black'. Platen er rein dynamitt, og de slakkar ikkje av på intensiteten når materialet spilles live heller.

Bergensarane og tysnesingane i legendariske Kraken har også vinden i seilet for tiden, og har høsta god kritikk for sine liveshow heilt siden dei starta opp i 2005. Bandet blir omtala som 'eit friskt pust innan metalsjangeren'.
I tillegg til desse to vil gode gamle Temple Sleep og nykommarane Ashowa sparka igang kvelden med eit knippe tunge og melodiøse låtar for å mjuka opp publikum.

CC 120 kr
Dørene åpner kl 22.00

Intimblues på Peppes
På laurdag inviterer Peppes til intimkonsert med Seminarien Groove Ensemble.
Seminarien spelar sin fyrste konsert på Os denne laurdagen. Reportoaret er ei blanding av Blues/soul og rok med låtar frå blant anna Aretha Franklin, Shemekia copeland, Zz top, Etta James med fleir.

Konserten starter klokken 21:00 og er gratis.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.