Lokal | 26. apr. 2012

Dobbelt bensintjuveri

To sjåførar i bilar med falske skilt stakk frå rekninga på Søfteland i løpet av 12 timar.

Dobbelt bensintjuveri
To tilfelle av bensintjuveri på ErAn dei siste dagane (arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 26. apr. 2012 10:58

Tysdag kveld klokka 22 fekk politiet melding om at ein mørk Volvo hadde stukke av etter å ha fylt drivstoff på Er-An bensinstasjon på Røykenes.

- Onsdag morgon om lag klokka 8 fekk vi på ny melding om eit avstikk.

- Denne gongen var det føraren av ein BMW som ikkje gjorde opp for seg, fortel lensmann Rasmus Dalen.

- Begge bilane hadde kjennemerker som var stolne frå andre kjøretøy.

Stal skilta frå lastebil

Kjennemerka på den eine bilen var stolne frå ein lastebil heimehøyrande på Os.

- Då vi kontakta eigaren av lastebilen hadde dei ikkje registrert at merka var borte enno, seier Dalen.

Truleg er skilta stolne natt til torsdag eller torsdag morgon.

Mogleg samanheng

Lensmannen ser ikkje bort ifrå at dei to sakane kan ha ein samanheng og same gjerningsperson.

- Dette er definitivt nokon vi vil ha fatt i.

- Om det er personar som har sett dei to bilane køyre frå åstaden eller observert dei på veg til eller frå er vi interessert i tips, avsluttar Dalen.

Politiet på Os kan kontaktast på telefon 56 30 39 00.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.