Sport | 17. mars 2012

Dobbelt Os i NM!

Åsmund Slettevold forsvarte tittelen mot klubbkamerat Vegard Gjøsund. Os Karateklubb tok til saman 7 medaljar i årets allstyle-NM.

Dobbelt Os i NM!
Åsmund Slettevold og Vegard Gjøsund (t.v.) tok gull og sølv i NM i junior -76 kg. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 17. mars 2012 20:56

Os Karateklubb reiste i helga til NM i Drammen med ein rekordstor tropp på 11 utøvarar.

Landslagsutøvar Åsmund Slettevold var suveren då han vann gull for 3. år på rad, i tillegg tok klubbkameratar og venninner 3 sølv og 3 bronsemedaljar.

4 x 8-0

Vegard Gjøsund var heldig med trekninga og fekk walkover i første runde i klassen -76 kg junior. I 2. runde viste han seg verdig finaleplass, semifinalen enda med 8-0-siger til Os.

I finalen møtte han lagkameraten og regjerande noregsmeister Åsmund Slettevold.

– Det gjekk greit i år òg. Eg starta med kamp mot to andre på landslaget, ein som eg slo 8-0 i eit regionsstemne i Oslo for to veker sidan og ein som eg ikkje har gått mot før, fortel Åsmund.

Åsmund vann begge kampane før full tid då han effektivt tok seg opp i 8-0-leiing, ei stilling som får dommarane til å avslutta kampen.

– Har aldri sett Åsmund så god før

Hovudtrenar Cato Bruarøy fekk sett dei fleste kampane i dag og er imponert over flaggskipet til Os Karateklubb.

– Det er ei stund sidan eg har sett Åsmund i kamp og eg blei imponert. Eg har aldri sett han så rask før, i tillegg leverer han veldig underhaldande kampar.

Åsmund sitt neste stemne blir Italia Open i Milano med landslaget andre helga i april. Der er også osingen Mons Daniel Haugland med.

Reed-Larsen ut i første

Ein av dei kvassaste deltakarane frå Os dei siste åra, Henrik Reed-Larsen, fekk tøff motstand allereie i første kamp, gjekk på eit knepent tap og var dermed ute av årets NM.

I fjor blei det sølv, i år blei det dessverre rask eksit for den einaste seniorutøvaren Os hadde med til NM.

Mons Daniel Haugland måtte også klara seg utan medalje, men han var svært nær. Han vann første kamp, tapte semifinalen, vann første rekvalifisering (kamp om å gå bronsefinale mellom dei som har tapt for finalistane), men tapte så bronsefinalen og fekk delt 4. plass.

Sølv til Tonje og Tiril

Tonje Skeie Hjelle vann gull i NM i fjor. Også i år blei det medalje, men ho klarte ikkje å forsvara tittelen i seniorklassen.

– Tonje gjorde det veldig godt i kata, men enda på 5. plass. I kamp var ho ikkje heilt opp mot sitt beste i dag, men fekk ein fin sølvmedalje, seier Bruarøy.

Det unge stortalentet Tiril S. Haaland debuterte i dag i NM, og det blei det medalje av.

– Tiril tok seg greit fram til finalen, men der møtte ho litt motstand og gjekk på eit knepent tap.

Juniorutøvar Elena Andres fekk bronse i sin klasse.

Bronse til brørne Palislamovik

Unge Armin Palislamovik debuterte i NM i 12-årsklassen. Det fekk landslagstrenaren til å vakna.

– Armin låg under 2-9, henta seg opp til 14-14 og vann. Dessverre blei det tap før finalen, så han måtte nøya seg med bronse, men landslagssjefen kom bort til meg og spurte kvifor eg ikkje hadde sendt Armin over til han, fortel Cato Bruarøy.

Storebror til Armin, Aner, deltok i 14-15 år. Han leia semifinalen lenge, men kort tid før slutt tok motstandaren han igjen, så då blei det bronse også på han.

– Gode prestasjonar av alle

Mathias Sørensen og Amanda Njøten gjekk også gode kampar i NM.

– Mathias gjekk ein god kata og i kamp møtte han god motstand i første runde. Sånn er det i karate, der det er cup frå start, du kan risikera å ryka ut tidleg.

I Amanda sin første kamp var det lenge uavgjort, men tre sekund før slutt var det motstandaren som avgjorde.

– 11 deltakarar, av dei mange debutantar, og så reiser vi heim med 7 medaljar og mange fine kampar og erfaringer - eg er veldig nøgd med både innsats og prestasjonar, seier Cato Bruarøy etter årets karate-NM.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.