Dobbelt så mykje Thomas-tull
Kan Dagfinn Lyngbø, så kan Thomas Helgesen. No blir det ekstraframsyning av «2MeterTulling» med Thomas.
11. februar slapp Oseana nyheiten om at både Dagfinn Lyngbø og Thomas Helgesen kjem med stand-up til hausten.
At Lyngbø skulle selgje ut fort var som venta og han satte raskt opp dobbelt så mange framsyninger (auka frå to til fire).
Meir imponerande var det at Helgesen i løpet av det første døgnet selde over 200 billettar, og i løpet av ei veke var alle dei 493 billettane rive vekk.
– Det har vore veldig positive tilbakemeldingar. Folk seier eg både er tøff og galen, og det har dei vel i grunn rett i, fortalde Helgesen då.
Blei sjokkert
Helgesen fortel at etter alle billettene forsvann i løpet av ei veke, har jobba med å komma seg over sjokket.
– Det er heilt crazy. At så mange vil sjå ein tulling.
– Dei som seier at osingane er treige kan ta seg ein bolle... eller om dei går på «lav karbo» så kan dei ta seg ein pinne, ler Helgesen som saman med Berit Steen på Oseana har blinka ut 10. november som datoen for ekstraframsyninga.
Gru-gledar seg
Revymannen frå Nore Neset legg ikkje skjul på at han gru-gledar seg til haustens to show.
– Det går nok med ein time eller to kvar dag med tanke-leik og visualisering av kva som skal presenterast i Oseana, men noko ferdig show har eg ikkje enno. Noko løye skal da nok bli, avsluttar Helgesen med eit smil.